Hopp til innhold

Den dårlege sommaren er bra for pollenallergikarar

Mange stader i landet har sommaren latt vente på seg. For pollenallergikar Turid Stette betyr det at ho får pause frå rennande auge.

Turid Stette

Turid Stette merkar at det flyg mindre pollen i lufta når det er kaldt i veret.

Foto: privat

I store delar av landet har sommaren hittil vore sørgeleg. Det er vått, kaldt og surt og fleire stader i landet er det nysnø. Men for enkelte gjer det dårlegare vêret livet enklare. Om lag ein million nordmenn er allergiske mot pollen. Når vêret er dårleg, flyg det mindre pollen i lufta.

Det merkar Turid Stette på Ellingsøya i Ålesund godt. Ho har hatt pollenallergi sidan barndomen, men hittil i år har ho vore lite plaga.

– Når det regnar og er kaldt er forma betre. Eg er ikkje trøytt og slapp. Auga og nasen renn heller ikkje, slik det vanlegvis plar vere om sommaren, seier Stette.

Ho jobbar i barnehage og på dei verste dagane om sommaren, brukar ho å be om oppgåver innandørs fordi det flyg så mykje pollen i lufta. Det slepp ho no. Den siste tida har det vore så kaldt på Sunnmøre at barnehageborna vil ha vottar på seg.

Mindre pollen i kaldt ver

– Tommelfingerregelen er at godt ver for andre, er dårleg ver for dei med pollenallergi, seier pollenanalytikar Hallvard Ramfjord i Astma- og Allergiforbundet.

Hallvard Ramfjord, pollenanalytiker

Hallvard Ramfjord er pollenanalytikar. Han seier at dårleg sommarvêr gjer at det blir mindre spreiing av pollen i lufta.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Når temperaturane er låge, vert ikkje pollen dratt opp i lufta i same grad som når sola steiker. Også vedvarande regn gjer sitt til å vaske lufta rein. Dermed vert tettheita av pollen i lufta mindre.

– Pollenet er jo der og blomstringa går sin gang. Pollenet blir modent uansett, men det spreier seg ikkje like mykje i lufta som det vil gjere elles, seier Ramfjord.

LES OGSÅ:

Graset står for tur

Pollenanalytikaren trur at dersom det kjem ein periode med høge temperaturar no, så vil det bli store mengder med graspollen. På aust- og sørlandet har det vore betre verforhold og der er spreiinga av graspollen moderat.

– Det vert ikkje kraftig spreiing av graspollen før i juli. Timotei produserer mykje pollen og dersom vêret blir bra, kan det bli stor pollenspreiing, seier Ramfjord.

Pollenvarslinga i Noreg har 40-års jubileum i år. Her kan du sjekke pollenvarselet.

Mindre medisin

Turid Stette brukar vanlegvis allergitablettar, augedråpar og nasespray vår og sommar. Denne sesongen har ho brukt mykje mindre medisin enn normalt. Ho kan også sminke seg, utan at det renn utover

Sjølv om dårleg ver gjer at forma til Turid Stette er betre, drøymer ho likevel om varmare ver.

– I dag vakna eg til sju grader. Eg vil heller ha litt pollen, ler Stette.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL