Hopp til innhold

Dempar forventningar

Fylkeskommunen kan ikkje vente meir pengar frå Staten til ferjedrifta i 2020. Det seier stortingsrepresentant for Høgre Vetle Wang Soleim.

Han vil heller ikkje love meir pengar i revidert nasjonalbudsjett til våren.

Men han seier regjeringa ønskjer å kome i dialog med ferjefylka om miljøsatsinga på ferjer.

Stortingsrepresentant Vetle Wang Soleim fra Høyre
Foto: Trond Vestre / NRK