Rundt klokka 18 i kveld møttest rundt 40–50 personar utanfor rådhuset i Volda. Både store og små var med og bar plakatar med slagord.
Uthman Abu Harbid har budd i Volda i fem år og er ein av initiativtakarane til demonstrasjonen mot IS. (Den islamske staten).
Muslimar er ikkje slik
– Muslimar i Noreg og heile verda er i mot det terrororganisasjonen gjer mot sivile folk. Vi må ut på vegen og vise at vi ikkje er slik, seier Uthman Abu Harbid. I kveld er muslimane saman for fred.
LES OGSÅ:
Ynskjer fred
Dei har fått tillating både frå politiet og Volda kommune til demonstrasjonen. Måndag viste rundt 5000 menneske sin avsky mot IS under ein demonstrasjon i Oslo. Harbid seier at det vert ein liknande demonstrasjon i kveld, men med færre menneske.
– Vi går i sentrum med plakatane våre. Vi ynskjer fred, seier initiativtakaren. Han vil at folk skal forstå at dei er motstandarar mot vald og IS står for.