Hopp til innhold

Demonstrerer for demokrati

Rundt 100 personar møtte opp i Kristiansund i dag for å demonstrere for demokrati i Burma.

Demonstrasjon for demokrati i Burma i Kristiansund.
Foto: Gisle Forland / NRK

Demonstrasjonen vart arrangert av lokale burmesarar i samarbeid med Oasen Kreativt Senter i Kristiansund.

Stort engasjement

Demonstrantar i Kristiansund.
Foto: Gisle Forland / NRK

Og mange ville vise si støtte til demokratiforkjemparane.

Rundt hundre personar hadde møtt opp på Kongens Plass i dag for å ta avstand frå militærjuntaen i Burma.

Var i fengsel

Blant demonstrantane var fleire politiske flyktningar, mellom anna Myo Thein Sein, som to gongar har vore fengsla i heimlandet.

For to år sidan kom han til Kristiansund som flyktning. Han er fortvila over situasjonen i Burma.

- Folk blir drept og dei har verken pengar eller mat. Eg vil så gjerne ha demokrati i heimlandet mitt, seier han.

Ordføraren stilte opp

Ordføraren støtta demonstrantane.

Ordføraren støtta demonstrantane.

Foto: Gisle Forland / NRK

Lokale burmesarar sto bak demonstrasjonen, med støtte frå Oasen Kreativt senter, men mange andre hadde også valgt å vise sin støtte. Ein av dei var påtroppande ordførar Per Kristian Øyen. - Dersom vi tiar i hel eit diktatur, så veit vi at diktaturet får gro. Difor stiller eg sjølvsagt opp her i dag for å vise mi støtte til demokratiforkjemparane, seier Øyen.