Hopp til innhold

Deltek ikkje på markering

Berre ein nordmørsordførar kjem til å vere til stades når bygginga av det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal blir markert. Det er Gjemnesordførar Knut Sjømæling (Sp).

Laurdag skal statsminister Erna Solberg legge ned den første steinen på Hjelset.

Ordførar i Kristiansund, Kjell Neergaard, takka nei til invitasjonen. Han meiner det ikkje blir rett å møte.

– Bystyrte og eg har vore kritisk til prosessen heile vegen, med tanke på kostnadsoverskridingar, utsettingar og at dei har kutta i tilbodet i Kristiansund lenge før tida. Då blir det feil for meg å vere med på feiringa, seier Neergaard.

Ordføraren i Tingvoll, Ingrid Waagan, prioriterer eit lokalt arrangement ved sjukehuset i Kristiansund laurdag, i staden for å delta. Ho seier at valet ikkje var lett.

– Det var ei vanskeleg avgjer. Eg har jo lyst at fellessjukehuset skal bli bygd, men eg vil samtidig ha eit sterkt avdelingssjukehus i Kristiansund. Så då vel eg som nordmørsordførar å reise dit, seier Waagan.

Kjell Neergaard (Ap), ordførar i Kristiansund
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK