Delte ut idrettsstipend

Silje Knutsen Kippernes (22) frå IL Braatt og Toralv Opsal (20) frå Dimna IL fekk i dag idrettsstipend frå Kultur og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal. Stipendet er på 40 000 kroner til kvar. Samstundes blir moderklubben påskjønna med 10.000 kroner. Vestnes-Varfjell IL fekk tildelt klubbstipend på 50 000 kroner. Bildet viser Toralv Opsal under Bislett Games i 2016.

Toralv Opsal
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix