Hopp til innhold

Delt i to om kommunesamanslåing

Innbyggarane i Fræna kommune er positive til kommunesamanslåing, men delt i synet på kva som er dei rette partnarane for ei slik samanslåing.

Geir Vinsand

REGIONKOMMUNE: Geir Vinsand i NIVI la fram resultatet frå ei innbyggarundersøking om kommunesamanslåing på Romsdal Regionråd sitt møte tysdag.

Foto: Trond Vestre / NRK

NIVI la tysdag fram resultata frå ei innbyggarundersøking i kommunane Fræna, Eide, Molde og Rauma på eit møte i Romsdal Regionråd. I Fræna kommune fortel Geir Vinsand i NIVI at innbyggarane i hovudsak vurderer to alternativ.

– innbyggarane er delt i to mellom ei brei regional satsing på Romsdalshalvøya og ei mindre samanslåing utan Molde.

Vinsand trur frykt for å bli marginalisert i ein regionkommune på Romsdalshalvøya kan vere ein av grunnane til at innbyggarane i Fræna er delt i synet på samanslåing med Molde.

– Romsdalsøya ligg perfekt til rette for å vere ein sterk regionkommune i norsk samanheng. Og eg trur ikkje Fræna vil bli marginalisert i ein slik kommune på Romsdalshalvøya, som er relativt liten og tett.

Går mot Romsdal

I Eide kommune viser undersøkinga at heile 60 prosent av innbyggarane ser til Romsdal når dei nye kommunegrensene skal teiknast. Ordførar i Eide Ove Silseth fortel at orienteringa mot Romsdal også viser att på andre område.

– Romsdalshalvøya er kvardagsregionen vår. Det er i den retninga pendlarane drar og der ungdommane våre går på skule.

Silseth fortel at kommunen også ser nordover mot Nordmøre når det gjeld kommunesamanslåing. Og at kommunen har meldt seg på utgreiingar om samanslåing den vegen.

– Etter dei gamle regioninndelingane er vi nordmøringar og mange i Eide har nordmørsbunad på 17. Mai. Det er tusen år med historie, og noko vi skal ha respekt for.