Delar ut midlar for 125 000

Ungdomspanelet i Møre og Romsdal gir 13 ungdomsaktivitetar støtte på totalt 125 000 kroner. Av 37 søknadar vart aktivitetar som ballettshow, innovasjonscamp, escape room, sveiseverkstad og gjennomføring av skredkurs plukka ut til å få midlar. Tilskotet frå ungdomspanelet vert gitt til prosjekt som dyrkar ungdomsengasjement i fylket.