Hopp til innhold

Delar av Nordøyvegen opnar neste desember

Det omdiskuterte milliardprosjektet skapte høglydt strid om fylkeskommunal økonomi. No skal delar av sambandet opnast allereie til neste jul.

Lepsøybrua

Lepsøya, Haramsøya og Longva vil vere knytt til fastlandet allereie frå jula 2021.

Foto: Bjørn Sunde / Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap)

Tove Lise Torve (Ap) er fylkesordførar i nMøre og Romsdal.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Nordøyvegen skal etter planen stå ferdig sommaren 2022, men no er det klart at delar av vegprosjektet kan opne allereie i desember 2021. Dette betyr at brua frå fastlandet til Lepsøya og den undersjøiske tunnelen vidare til Haramsøya blir opna for trafikk tidlegare enn planlagt.

– Dette må vere tidenes julegåve for øyfolket, seier fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap) til NRK.

Det blir ikkje bompengebetaling før heile Nordøyvegen opnar i 2022. Fram til da køyrer trafikantane gratis.

Glade øybuarar

Éin av dei som jublar over den framskunda opninga, er Synnøve Farstad Standal, som flytta på Haramsøya i 2017.

– Det er veldig gode nyhende å høyre at delar av Nordøyvegen vil opne allereie til neste jul, seier ho til NRK.

Synnøve Farstad Standal saman med gutane Jacob (3) og Johannes (6)

Jacob (3) og Johannes (6) får heim mamma Synnøve Farstad Standal tidlegare frå jobb ettter at delar av Nordøyvegen opnar allereie om vel eitt år.

Foto: Privat
Anne Breiby

Anne Breiby er heilt sikker på at Nordøyvegen vil vere bra for utviklinga på Lepsøya.

Foto: Leiv-Erik Bondevik / NRK

Ho jobbar i barnehagen på naboøya Lepsøya og brukar i dag om lag 1,5 time til og frå jobb kvar dag, inkludert venting og reisetid med ferja.

– Dette vil lette kvardagen min ein god del, sidan eg brukar så mykje tid på å pendle.

Anne Breiby seier det er stor glede også på Lepsøya over den overraskande framskundinga.

– Det er fantastisk at vi kan køyre ferjefritt om berre eitt år. Eg trur det kjem til å bli fleire som byggjer hus der no, seier ho.

Bompengeinnkrevjing

Avtalen mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og utbyggjaren Skanska endrar ikkje opningstidspunktet for resten av vegprosjektet. Planen er fortsatt at heile Nordøyvegen opnar for trafikk sommaren 2022. Samarbeidet mellom fylkeskommunen og Skanska har vore godt.

– Vi har jobba saman med å sjå på korleis vi kan optimalisere gjennomføringa av Nordøyvegen heilt sidan vi signerte kontrakten i desember 2018, seier prosjektleiar Marianne Nærø.

Nordøyvegen skal delvis finansierast gjennom bompengeinnkrevjing på Skjeltene på fastlandssida. Mellom øyane skal det vere gratis å køyre.

Samband til 4,9 milliardar kroner

Bygginga av Nordøyvegen med ein totalkostnad på 4,9 milliardar kroner, har vore omstridt og blei vedtatt i fylkestinget i desember 2018 etter mange utsettingar og ein hard politisk kamp.

Både fylkeskommunedirektøren og eit stort politisk mindretal i fylkestinget meinte fylkeskommunen ikkje hadde økonomisk råd til å byggje vegen som gir fastlandssamband til 2700 innbyggjarar.

– Folk har kjempa lenge for å få vegen. Dei fekk fleirtal i fylkestinget. No ser det ut til å gå mykje betre med finansieringa og i tillegg så blir delar av vegen opna tidlegare. Dette er fantastisk, sier fylkesordførar Tove Lise Torve (Ap).