Dekk og felgar stole

Politiet melder om innbrot i ei bedrift i Eide natt til torsdag, mellom klokka 03 og 04. Det er stole dekk og felgar for store verdiar frå dekkhotellet til bedrifta. Politiet ønskjer tips, mellom anna om to kvite varebilar. Den eine litt større enn den andre, og ein av dei har ein grøn logo på sida. Politiet ønskjer tips på telefon 02800.