Hopp til innhold

Dei vaksne blir parkert og borna styrer showet

Foreldre blir parkert over ein lav sko under Minijugend i Ålesund. Her er det barna som sit i førarsetet, og det er synleg på heile Color Line Stadion.

Grete og Carmen Robertson

Carmen Robertson er innom foreldreparkeringa for å sjekke at bestemor Grete Robertson har det bra.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

I det eine hjørnet, bakarst på stadion, kan foreldra ta ein kvil. Det minner litt om ballrommet på ein restaurant, kor ungane får leike når dei er lei av å sitte ved bordet. Men under Minijugend er det omvendt. Her er det dei eldste som må ha ei pause.

Grete Robertson er ei av dei som har blitt parkert.

Eg er her med to barnebarn, og ein kompis som også har barn. Dei yngste ville stå så nært scena som mogleg, og då var vi einig om at vi måtte ha ein møteplass. Eg får meg ein kaffi her, så veit dei kor dei finn meg, seier ho med eit smil.

Scenekanten er ikkje di greie?

Nei, ikkje heilt. Og her kjem forresten ho eg ventar på, utbryt ho.

Carmen Robertson

Carmen Robertson forklarer at det var best å parkere bestemor bakerst på konserten, sidan ho helst vil vere heilt framme ved scenekanten.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Barnebarnet Carmen har nettopp vore med scenekanten og tar turen bakover for å sørge for at bestemor klarer seg. Ho synast det er greitt å kunne vere på festival utan å ha dei vaksne hengande over seg.

Det var semje om at dette var den beste måten å løyse det på, ler Carmen Robertson.

Skryt av festivalen

Køen inn til stadion var lang allereie i åttetida om morgonen, fleire timar før dørene opna. Det såg ut som om det skulle ta tid å komme seg inn, men det gjekk betre enn mange nok hadde frykta.

Ole Andreas Holm

Ole Andreas Holm er imponert over festivalarrangørane i Ålesund.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Vi kom med båt, og klappa til kai like før dørene opna. Det var mykje kø, men gjekk kjapt å komme seg inn, seier pappa Ole Andreas Holm.

Han meiner festivalen er godt organisert, og er imponert over arrangørane som får flytta så mykje folk på kort tid.

Han ser ut til å trivast godt, sjølv om han ikkje er i målgruppa til Minijugend.

– Det er kjempegreier med eit slikt arrangement for dei minste. Dei har gledd seg i lang tid no. Eldstejenta har brukt morgonen på å lage plakat, fortel han.

Heiar på Freddy Kalas

Og det er ikkje namnet til kven som helst som prydar plakaten til dottera. Madelen er eit av unntaka i Ålesund laurdag ettermiddag. Blant tusenvis av barn med M & M mala i ansiktet, har ho ein annan favoritt.

Madelen Holm elskar Freddy Kalas

Madelen Holm kom ikkje til Ålesund laurdag for å høyre på Marcus og Martinus.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Då eg stod opp i dag spurte eg mamma om ark og sånn, så begynte eg å lage, forklarer Madelen Holm.

– Eg liker ikkje Marcus og Martinus så godt. Eg liker Freddy Kalas betre, seier ho.

Konsertgjengarar på Minijugend
Foto: Aleksander Båtnes / NRK