Hopp til innhold

Dei unge ønskjer meir utfordring i arbeidslivet

Ein digital tsunami skyl over den marine og maritime næringa. Det har no blitt eit kappløp om å få dei beste teknologane til Møre og Romsdal. Problemet er å få dei til å bli verande.

NMK Framtidas arbeidsplassar

FRAMTIDA: Næringa er svoltne på teknologar, men kor vil teknologane? Sjå TV-sendinga «Framtidas arbeidsplassar» nede i saka.

Foto: NRK

I Møre og Romsdal blir nokre av verdas mest avanserte skip designa og utvikla. Den maritime klynga har blitt Noregs svar på Silicon Valley – ein kreativ leikeplass for den nye generasjonen teknologar.

Det er ei lita boble her.

Josefine Olsson, industriell økonomi-student NTNU

Kampen om å tilsette «the best of the best» har blitt eit kappløp. Men korleis skal dei få teknologane til å bli verande?

Det er eit av spørsmåla som vart stilt i NRK si direktesending frå Norsk Maritimt Kompetansesenter i Ålesund.

Dei unge vil ha utfordringar

Forskar Anam Ilyas ved Ålesund kunnskapspark, har saman med NTNU forska på kva unge menneske meiner blir morgondagens digitaliserte arbeidsliv.

Hundre personar mellom 20–30 år vart spurt i forskinga, og eit av hovudfunna kan bli ein realitet som næringslivet må ta omsyn til;

«Unge arbeidstakarar vil bli utfordra og jobbe meir prosjektbasert».

Næringslivet må da gjere seg meir attraktive ved å opne opp for varierte arbeidsoppgåver. Elles kan det hende at teknologane går til ein konkurrent.

Dei vil bli investert i og få rom til å utvikle seg.

Knut Åsebø

– Dei vil ha fleksibilitet i arbeidsoppgåver. Dei vil ha fleksibilitet i innhaldet, seier forskinga sin prosjektleiar, Knut Åsebø ved Ålesund kunnskapspark.

Forskinga viser også at kvinner er meir omstillingsvillige.

– Dei er meir opptatt av å ta til seg meir og ny kunnskap, seier Åsebø.

Vil ikkje gjere det same heile tida

Ein fleksibel og utfordrande arbeidsdag er det fleire ved NTNU i Ålesund som drøymer om.

Ruben Jørundland

Ruben Jørundland, student i automatiseringsteknikk ved NTNU Ålesund.

Foto: Jannicke Susann Farstad / NRK

– Eg vil prøve noko nytt heile tida, og ikkje bli ståande fast og gjere det same, seier automatiseringsteknikk-student Ruben Jørundland.

– Automasjonsteknikk er eit framtidsretta studie. Det er veldig mange moglegheiter som gjer at eg kan jobbe med mykje forskjellig, seier student Maria Furmyr.

Ei næring i vekst

Då oljekrisa vart eit faktum, måtte verfta tenke nytt for å kunne overleve. Det grøne vart redninga.

No blir det designa og utvikla hybridfartøy for kundar som Hurtigruta og Kjell Inge Røkke. For dei som kjem utanfrå, merkar dei godt kor opptekne møringar er av det marine og maritime.

– Alle eksempel på skulen handlar om noko som forbindast med havet. Det er ein liten boble her, seier den svenske studenten Josefine Olsson, som studerer industriell økonomi.

Og bobla vil vekse.

Erna Solberg

Erna Solberg fekk prøve VR-briller på DigiCat Norwegian Catapult Centre i Ålesund. Teknologien blir brukt til å teste ut nye system til skip.

Foto: Frode Berg / NRK

– Veksten vår kjem ikkje til å bli henta så mykje frå olje og gass framover. Eg ser det som skjer no i den marine og maritime sektoren som to store vekstområde, seier statsminister Erna Solberg.

For å rekruttere dei mest kreative til næringa, oppfordrar statsministeren dei til å også nå ut til byane.

– Den største utfordringa er å «tappe» inn til byungdommen. Dei er som ofte lengre vekk frå det aktive næringslivet, enn det distriktsungdommen er.