NRK Meny
Normal

Dei rikaste bur i Ålesund

Ålesund, Skodje og Herøy dominerer lista over personer med høgast inntekt og formue i Møre og Romsdal.

Ålesund

Ålesund er ein populer stad å bu for dei med høgast inntekt og størst formue.

Foto: Kallestad, Gorm / Scanpix

Dei ti rikaste i Møre og Romsdal bur i Ålesund, Kristiansund, Skodje, Herøy og Halsa. Det viser oversikta NRK Møre og Romsdal har henta ut frå Skatteetaten si oversikt. Lista er dominert av shippingfolk frå Herøy og Ålesund.

Desse har størst formue i Møre og Romsdal

Rikast i fylke er Sverre Farstad frå Ålesund med ei formue på 999 millionar kroner. 59-åringen frå Ålesund er styreformann og største aksjonær i Farstad Shipping.

Høgaste formue

 

 

 

 

Navn

Kommune

Fødselsår

Inntekt

Formue

Skatt

SVERRE ANDREAS FARSTAD

Ålesund

1952

9.992.272

999.279.860

13.895.640

JAN HENRY FARSTAD

Ålesund

1953

0

889.247.752

9.790.155

AAGE JOHAN REMØY

Herøy

1953

2.289.779

456.735.532

5.922.027

KNUT TRYGVE FLAKK

Ålesund

1960

6.134.969

445.238.743

6.677.177

NILS AAKVIK

Halsa

1958

980.315

314.397.684

3.717.195

LEIF INGE KARLSEN

Kristiansund

1956

11.472.494

294.076.839

6.435.424

VEGARD SÆVIK

Herøy

1978

711.060

288.395.367

3.442.819

HEGE SÆVIK RABBEN

Herøy

1971

528.352

287.721.797

3.348.406

NJÅL SÆVIK

Herøy

1969

1.812.996

282.973.514

3.947.082

STIG RUNE REMØY

Herøy

1959

1.975.677

268.447.167

3.800.157

Desse tente mest i 2011

På topp på inntekt ligg skodjekvinna Gry Marit Eikremsvik

Høgaste inntekt i Møre og Romsdal

 

 

 

 

Navn

Kommune

Fødselsår

Inntekt

Formue

Skatt

GRY MARIT EIKREMSVIK

Skodje

1976

109.300.853

104.046.934

31.756.302

EYSTEIN HØEGH KROHN DALE

Ålesund

1946

19.878.320

91.130.165

6.630.184

LEIF BIRGER MIDTGÅRD

Ålesund

1963

17.440.038

60.945.992

5.532.214

LEIF KJETIL GJENDEMSJØ

Skodje

1966

16.065.365

177.598.896

6.455.609

SVEIN TØMMERDAL

Ålesund

1940

15.204.615

13.774.976

4.723.388

REIDAR HELLANDSVIK NILSEN

Ålesund

1966

11.578.636

77.538.005

4.169.809

LEIF INGE KARLSEN

Kristiansund

1956

11.472.494

294.076.839

6.435.424

BERIT VIGDIS EKORNES UNHJEM

Sykkylven

1948

10.879.938

204.916.126

5.289.537

WILLY KEISERAAS

Molde

1927

10.805.181

13.324.196

3.157.492

INGE VIDAR STRØMME

Kristiansund

1958

10.738.012

15.554.694

3.294.09

LES OGSÅ: Dahl rikest, Øyen tener mest

Tjener fett på eliteserien

Røkke har 7 milliarder på bok

Vanskelegare å snoke i år

Finansdepartementet vedtok i vår at det skal bli vanskeleg for vanlege folk å gå inn for å sjekke skattelistene. NRK og andre media får framleis listene, men dei kan ikkje leggje dei ut på nettet.

Mellomløysinga er eit forsøk av Regjeringa på å sikre personvernet, og samtidig halde fast på prinsippet om offentleg tilgjengelege skattelister.

Det er framleis høve til folk å sjekke andre sin inntekt og formue, men det trengs litt ekstra innsats enn tidlegare. No må du logge deg inn med MinID og sjølv finne fram til listene hos skatteetaten.no.

I tillegg har du «berre» lov til å leite opp 500 namn per månad.

Media kan bruke listene

Media har framleis lov til å nytte skattelistene i journalistisk samanheng, så både politikarar og kjendisar må rekne med å sjå eigne likningstal både på papir og nett også i år.

Det betyr at NRK.no kjem til å lage journalistikk på skattelistene på same måte som tidlegare. Du kan utover dagen fredag få innblikk i inntekt og formue til sentrale offentlege personar i Noreg.

Totalt 100 forskjellige media får i år tilgang til skattelistene. Dei som ikkje overheld reglane satt av styresmaktene vil ikkje kunne få tilgong til listene neste år.