Hopp til innhold

Vil avruse folk frå «den digitale gifta»

Torsdag gjekk dei nynorske festspela i Ørsta og Volda av stabelen. Festspeldiktar Agnes Ravatn har eit klart mål for festivalopphaldet.

Agnes Ravatn

Forfattaren Agnes Ravatn synest det er stas å vere festspeldiktar for Dei nynorske festspela. Aldri før har det blitt selt så mange billettar på førehand til festivalen.

Foto: Ingunn Rauk / NRK

– Eg er ein forfattar om har skrive svært lite på dei sju åra eg har vore forfattar. Det er fordi eg fekk smarttelefon og internett. Ein brukar mykje krefter på skjermar- store og små. Eg trur dette er noko folk ønskjer hjelp til å kontrollere betre, seier Agnes Ravatn til NRK på Aasen-tunet torsdag ettermiddag.

«Den digitale gifta»

Årets tema er makt og laurdag har festspeldiktaren som føremål å avruse folket frå «den digitale gifta» som har infiltrert liva våre. Dei siste åra har ho lest og forska på korleis ein kan frigjere seg frå desse digitale hjelpemidla - eller «den digitale gifta», som ho kallar det.

– Eg har klart å få ein slags kontroll over situajonen sjølv, og er klar til å spreie den glade bodskapen vidare til andre trengande, forklarar Ravatn.

–Vi er for avhengige?

– Ja, mange er det. Vi har til dømes med oss mobilen overalt. Når ein søv, i bilen og på do. Folk sjekkar nettaviser og facebook medan ein eigentleg skulle ha jobba. Eg har tenkt at det trengst nokre reglar for misbruket, seier Ravatn og avslører at ho blant anna har gått over til å skrive for hand for å minske databruken.

Årets nynorskbrukarar

Dei nynorske festspela er ei årleg feiring av nynorsk skriftkultur som går over fire dagar.

Dei to brørne Aasmund og Odd Nordstoga frå Vinje varma saman opp torsdag i Aasen-tunet i Ørsta. Der har dei leita fram songar som passar til konsert dei held same dag som dei har teke imot prisen for årets nynorskbrukarar.

I Ørsta og Volda er Dei nynorske festspela i gang, - 23.året på rad. Festivalen byr på eit tett og variert program fordelt på fire dagar.

Sjå TV-reportasjen: Brørne ODd og Aasmund Nordstoga er klare for dei nynorske festspela.

Helene Bøksle på scena fredag

Fredag er det Helene Bøksle som held konsert og Kråkesølv spelar laurdag.

Under årets Aasen-stemne blir det nykomponert musikk av Odd Johan Overøye til tekstar av Arnfinn Haram i framsyninga «I førsommarens fang».

Det fulle programmet for festivalen kan du sjå her.