Hopp til innhold

Dei neste timane går ikkje fort nok for han

Tusenvis av fotballtilhengjarar ventar i spenning på kampen mellom Molde og Odd klokka 19 i kveld. Leiaren i supporterklubben Tornekrattet kjenner kriblinga i kroppen.

Svein Erik Jenset

Svein Erik Jenset (34) i Tornekrattet tippar 2-1 til Molde i kampen mot Odd tysdag kveld.

Foto: Espen A. Istad/STUDIOISTAD

Klokka 19 tysdag kveld bles dommaren i fløyta, og dermed er kampen mellom Molde og Odd eit faktum. Leiaren i supporterklubben Tornekrattet seier det er vanskeleg å konsentere seg om noko anna i timane før.

Det er ganske roleg akkurat no, men eg reknar med at det blir stigande spenning i kroppen i timane framover til kampstart. Du merkar at det nærmar seg, du kjenner at kriblinga er tilbake i kroppen, og at det du har sakna sidan november i fjor kjem for fullt, seier Svein Erik Jenset (34).

– Tett og spennande kamp

Svein Erik Jenset

Leiaren for Tornekrattet, Svein Erik Jenset, trur det blir ein tett og spennande kamp mellom Molde og Odd tysdag kveld.

Foto: Espen A. Istad/STUDIOISTAD

Det er langt frå første gong Molde møter Odd. Medan Molde endte på 1. plass i eliteserien i fjor, kapra Odd tredjeplassen. Jenset trur på siger, men vedgår at det kan bli vanskeleg.

Vi møter eit godt lag som gav oss god motstand alle dei gongane vi møtte dei i fjor. Så det blir nok ein tett og spennande kamp, og eg håper vi til slutt tek dei tre poenga som vi skal ta frå alle motstandarar på heimebane, seier han.

Les også:

Viktige spelarar er skadde

Dei to viktige spissane, Fredrik Gulbrandsen og Mushaga Bakenga, er begge skadde, og Jenset er usikker på kor mykje det vil ha å seie.

– Det betyr sjølvsagt veldig mykje å få eit par langtidsskadde før sesongen i det heile tatt er komen i gang. Samstundes har vi vel den største og beste troppen i landet, så det skal jo vere utfordrarar som stiller like bak i køen, og då får vi sjå om dei er klare til å ta sjansen og gripe han, seier han.

Tippar 2-1 til Molde

Odd-direktør Einar Håndlykken sa tysdag til NRK at han er nervøs før kampen, og at han ser på Molde som det beste laget i landet. Det seier leiaren for Tornekrattet kan vere taktisk lurt.

– Sjølvsagt har dei alt å tene på det. Dei fritek seg sjølv frå alt forventningspress, og legg det over på oss.

– Dersom du skal tippe resultatet, kva seier du då?

– 2-1 til Molde, seier Jenset.

Les også:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL