NRK Meny
Normal

Dei miste alt i brannen i Herøy i natt

Familien på fem har ingenting igjen etter at ein veldig brann totalskadde huset deira natt til 1. nyttårsdag.

Dei miste alt i brannen

Familien har mist alt i brannen. Her er mor Nadia Shohani (38) med dottera Donya til venstre og dottera Ezhar til høgre.

Foto: Kjartan Vike

Familien var på nyttårsfeiring hos naboar i 20-tida, då dei fekk melding om at nokon hadde sett tjukk røyk inne i huset deira. Då dei kom bort var det allereie for seint å gå inn, huset var overtent og ingen ting kunne reddast.

Det var heilt forferdeleg. Det å sjå huset brenne ... eg finn ikkje ord, seier Nadia Shohani (38), som saman med den irakiske mannen sin bur i huset med sonen på 15 år og dei 10 og 12 år gamle døtrene.

Alt dei har igjen er det som dei sto og gjekk i då dei kom til venane sine på nyttårsfesten. Alt det andre er gått tapt i brannen.

- Eg er så glad for at vi ikkje var heime. Tenk om ungane låg og sov, det kunne gått veldig mykje verre, seier ho.

Brann i Herøy i natt

Det brann kraftig i huset i går kveld.

Foto: Kjartan Vike

Får aldri meir sjå bileta av ungane

Det verste for trebarnsmora no er tanken på alle bileta av ungane, som dei aldri meir får sjå. Her var babybileta, julefestar, bursdagsfeiringar og kvardagsbilete. Ingenting er igjen.

– Eg er mest stressa over at bileta av ungane er borte. Vi hadde berre papirkopiar, seier Shohani. Ein brannmann forsøkte å gå inn for å hente ut albumane, og fekk beskjed om at dei låg i skuffe nummer 2 på soverommet, men måtte gje opp på grunn av flammar og tjukk røyk.

Familien kom flyttande til Noreg for 11 år sidan, og kjøpte eit eldre hus i Herøy for tre år sidan. No var dei ferdige med oppussinga av fasaden, og skulle til å begynne renovering innandørs. Så langt kom dei ikkje.

– Guten vår på 15 år er mest oppteken av alt arbeidet som er fånyttes. Han lurer på korleis vi har det, seier mora.

Totalskadd i brann

Huset sto tett ved andre, men ingen av dei blei skadde.

Foto: Kjartan Vike

Forsøkte å opne døra

Kjartan Vike, som var vert for nyttårsfesten der familien var i går kveld, seier dei tidleg fekk beskjed om at noko var gale. Han sprang ned til huset, og forsøkte å opne ytterdøra, men seier det var uråd.

– Eg opna døra 20 centimeter, men måtte berre ha igjen, for røyken velta ut, seier han.

Mange brannar i fylket

Ulovleg oppskotne naudrakettar er ifølgje politiet årsaka til fleire omfattande gras- og lyngbrannar i Møre og Romsdal natt til 1. nyttårsdag. Berre ved Ellingsøya utanfor Ålesund blei seks mål avsvidd, og store styrkar måtte i sving for å få kontroll med flammane.

Vike trur ikkje rakettar er årsaka til husbrannen i Herøy.

- Huset er utbrend på innsida, og det ser ut som det har starta der. Ein vanleg rakett klarer ikkje å knuse eit vindu og kome seg inn i huset, seier han.

Blussa opp igjen

Huset i Herøy er totalskadd etter brannen i natt

Huset i Herøy blei totalskadd i brannen natt til nyttårsaftan.

Foto: Kjartan Vike

Brannen starta rundt klokka 20, og var ifølgje brannvesenet sløkt etter tre timar. Men i natt blussa det opp igjen, og først rundt klokka fem på morgonkvisten kunne brannvesenet trekkje seg tilbake.

- Vi har brannvakt som går inspeksjonsrundar, og vi har lagt igjen ein del sløkkingsutstyr i tilfelle noko blussar opp igjen, seier brannbefal Harald Rusten i Herøy kommune.

Rusten meiner det gamle tømmeret i veggane gjorde at det ulma lenge etter den første sløkkinga.

Startar etterforsking fredag

Ifølgje politiet er brannåstaden no avsperra til teknikarar får undersøkt området.

- Vi reknar med det skjer fredag, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt.

Bur hos vener

Familien bur no hos venene der dei feira nyttår. I går kveld fekk dei låne nattkle og tannbørstar, men det blei lite søvn.

– Eg klarte ikkje å sove, eg trur ingen sov i natt, seier Nadia Shohani.

Ifølgje henne har forsikringsselskapet til familien bedt dei vente til fredag før dei kan få hjelp. I mellomtida bur dei hos vener.

– Vi har heldigvis mange kjekke vener rundt oss. Ein av venane våre er bortreist i to veker no. Vi kan bu der til vi får tenkt oss om, seier Shohani.