Dei kritiske røystene er mange

Siste ord er ikkje sagt i spørsmålet om kommunesamanslåing.

Lodve Solholm og Rigmor Brøste
Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Formelt er det Stortinget som har det absolutt siste ordet. I mellomtida er det fleire som har meiningar om forslaget frå Fylkesmannen. Han ønskjer på sikt berre sju kommunar i fylket, men går i første omgang inn for 16 kommunar.

Mellom anna er ordførarane i både Midsund og Vestnes kritiske til prosessen som har vore.

Burde starta på øvste trinn

Odd Helge Gangstad

Trappevasken har starta i feil ende, meiner Midsund-ordførar Odd Helge Gangstad.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Reforma har starta i feil ende, seier ordførar i Midsund, Odd Helge Gangstad frå Senterpartiet. Vi burde starta med ryddinga i staten først, fordelt oppgåver nedover, så tatt regionane og så fylka og kommunane. Eg har ikkje problem med reforma, men med rekkefølgjen. Når du skal vaske trappa, så startar du på øvste trinnet, og ikkje nedste.

Gangstad sin kommune, Midsund, skal ifølge forslaget, etter kvar bli ein del av Nye Molde kommune. Det skal også Vestnes bli, og der representerer Geir Inge Lien same parti som Gangstad. Han representerer og same syn om at prosessen har vore rotete.

– Med regionreforma midt oppe i det heile har dette vore rotete frå dag ein, meiner Lien, og skuldar på departement og ikkje minst regjering. Ein burde starta med byråkratisering som skjer på direktorat og departement. Dernest skulle ein sett på regionar og kommunar.

Folkemeininga blir utfordringa

I enkelte kommunar har meininga til folket vore krystallklar. Som til dømes i Stranda og Sykkylven der innbyggarane i begge kommunar har sagt til til samanslåing. No inneber forslaget at desse to kommunane blir eit tyngdepunkt på Indre Sunnmøre.

– Dette blir ein strid fram mot valet neste haust, og mykje av det som no er sagt kan bli endra etter valet, trur Sp-ordførar Jan Ove Tryggestad.

Han meiner utfordringa ikkje er den politiske leiinga i dei to kommunane, men innbyggarane, og kva dei måtte ønskje.

Stein Aam

Ordførar Stein Aam i Ørsta står på det mandatet han har fått lokalt.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Også for Ørsta sin del går forslaget frå Fylkesmannen på tvers av det som kommunen sjølv har vedtatt. Ørsta bør gå saman med Volda og Hornindal og danne ein storkommune, meiner fylkesmannen.

– Eg står på det mandatet kommunestyret og folkerøysinga har gitt meg til noko anna vedtak er gjort, seier Stein Aam frå Senterpartiet, som også avventar om kommunalminister Jan Tore Sanner ser det på same måte som fylkesmannen.

Delt kommune

For Sandøy sin del meiner fylkesmannen at han har lytta til innbyggarinitiativ. Det inneber at kommunen kan bli delt. Øyane Ona, Sandøy og Orten får framleis høyre til Romsdal og etter kvart Nye Molde kommune, medan den sørlege delen bør gå til Ålesund.

– Sandøy har sjølv gjort vedtak om å bli slått saman med Ålesund. Samtidig var det eit innbyggarinitiativ på dei tre øyana som fylkesmannen har lytta til, seier Lodve Solholm.

Han meiner dei nesten konsekvent har lytta til innbyggarinitiativ frå heile fylket.

– Utidig kopling

Det er ikkje berre kommunar som blir delte viss fylkesmannen får gjennomslag for sine tankar. Fylket blir også delt i og med at forslaget inneber at Rindal blir ein del av Trøndelag. Dette er einaste kommunen i Møre og Romsdal som blir foreslått lagt til eit anna fylke.

Ola T. Heggem i Senterpartiet, ordfører i Rindal

Ola T. Heggem meiner det er utidig om Rindal må bli del av ein større Trøndelagskommune.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det som ikkje er klart er om det blir føresett at vi blir ein del av ein større kommune i Trøndelag. Viss det er det så føler eg det er ei utidig kopling.

Kommunestyret har vedtatt at Rindal skal stå åleine, men samtidig bli ein del av Trøndelag. Det ventar eg at Stortinget følgjer opp, seier Sp-ordførar Ola T. Heggem, som sjølv har fortid som statssekretær.

Fylkesmannen i Trøndelag har forøvrig tidlegare sagt ja til i ta imot Rindal som ny kommune.

Glad for storkommune

Kristiansund bør bli ein storkommune saman med Averøy, Tingvoll, Aure, Halsa, Smøla og delar av Gjemnes, meiner fylkesmannen. Med eit unnatak er dette i tråd med ved Kristiansund kommune vedtok i sommar.

Kjell Neergaard

Kjell Neergaard i Kristiansund er fornøgd med det meste, men ikkje med alt.

Foto: Terje Reite / NRK

– Eg er litt skuffa over at fylkesmannen ikkje foreslår heile Gjemnes saman med oss, for å halde Nordmøre mest muleg samla, seier Ap-ordførar Kjell Neergaard i Kristiansund.

Han meiner det bidreg til splitting når fylkesmannen foreslår delar av Gjemnes saman med Molde og Romsdal.

– Samtidig er eg glad for at fylkesmannen går inn for at Halsa framleis skal vere ein del av Nordmøre og ikkje inn i kommunar i Sør-Trøndelag. I sum er eg fornøgd med noko og mindre fornøgd med anna.