Dei Kleven-tilsette pustar letta ut

Arbeidarane ved Kleven-verfta hadde knapt kome i arbeidskleda då nyheita kom om at konsernet får 300 millionar kroner.

Olav Høydalsvik, Kleven-tillitsvald

Tillitsvald Olav Høydalsvik har god erfaring med dei som har vore eigarar til no, men har tru også på dei nye eigarane.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kleven-konsernet på Sunnmøre har slite alvorleg den siste tida, og har stått i fare for å gå konkurs. Fredag morgon blei det klart at nye aksjonærar står klare med 300 millionar kroner. Dermed er arbeidsplassane truleg berga.

– Denne informasjonen er fersk for mange av dei tilsette, men det er klart dei er glade og letta, sa tillitsvald Olav Høydalsvik til NRK i morgontimane. Når media fortel at vi er nærast konkurs, så har mange naturleg nok vore uroa.

Høydalsvik seier at det har blitt jobba i mange år for å få på plass ny kapital, og det einaste han er beklagar er at medlemmane ikkje har kunne bli fullt oppdaterte til ei kvar tid.

Ville helst hatt dei gamle eigarane

Han vil førebels ikkje seie så mykje om dei nye som har kome inn, før han har møtt dei, snakka med dei og sett korleis dei opptrer.

– Vi kjenner noke av dei, Åge Remøy og dei andre lokale. Så det er no ikkje så verst, men det beste hadde nok vore om det hadde blitt dei eigarane vi hadde. Dei har vi vore fornøgde med, og dei har stilt opp for Kleven. Berre synd at vi ikkje har klart å skape nok tilbake til dei.

Høydalsvik er midt i gleda difor litt vemodig, men understrekar at han har håp om at både gamle og nye eigarar vil stå saman med dei tilsette og at det blir varig drift.

– No må vi berre konsentrere oss om å bygge båtar.

Stor glede, men samtidig litt vemodig

Kjersti Kleven

Sjølv om Kleven-familien ikkje lenger er majoritetseigar, lovar styreleiar Kjersti Kleven at dei skal vere aktive og synlege også i framtida.

Foto: Arne Flatin / NRK

Styreleiar Kjersti Kleven seier det var ei stor lette å kunne presentere ei løysing som sikrar arbeidsplassar og som gir eit fundament for å vidareutvikle selskapet. Ho har tru på dei som no kjem inn på eigarsida.

– Vi har fått ein god kombinasjon av ulik maritim kompetanse. Både reiarar, shippingerfaring frå ulike segment, ein annan verftsaktør frå Tyskland og også anna prosjektkunnskap som vi får god bruk for, seier ho.

Mange nye aktørar og eigarar kjem altså inn i Klevenkonsernet. Det inneber også at eit nytt styre må på plass.

– Litt vemodig er det at Kleven-familien ikkje lenger har majoritet i selskapet, men selskap i familien går også inn med pengar, så familien skal vere synlege og aktive eigarar også i framtida.

Framleis størst

Kleven-familien er framleis størst, men ifølgje Kjersti Kleven går investorane no inn på like vilkår og med felles mål å utvikle selskapet vidare.

– Alle kjem inn med eit positivt utgangspunkt. Det er veldig kjekt å sjå korleis Hurtigruten profilerer dette i dag. Også tyske Lürssen Group er langsiktige, og veit kva dette handlar om. Og så er det veldig bra med lokalt eigarskap gjennom Åge Remøy og hans maritime kompetanse og regionale forståing, seier ho.