Hopp til innhold

Dei kjem kveld etter kveld

RUNDE (NRK): Kvar sommar sit fotografar som perler på ei snor med peikefingeren klar på utløysaren. Draumen er eit blinkskot av den sjeldne lundefuglen.

Turistar kikar etter lundefugl på Runde

Tolmod må til blant fotografane som ventar på lundefuglen i kveldstimane på øya Runde i Herøy.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Lundefugl set på ein stein på Runde

Lundefuglane er ettertrakta fotoobjekt på Runde i Herøy på Sunnmøre.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Tysdag kveld. Skodda heng tjukt over øya Runde i Herøy på Sunnmøre. Likevel har om lag 20 hobbyfotografar våga seg heilt ut på kanten av ei stupbratt klippe. Med varme genserar, termos og feite fotoobjektiv speidar dei tolmodige utover i håp om at skodda letnar og at fargerik lundefugl skal kome svevande.

Fleire besøk

Alv Ottar Folkestad på Runde

Ornitologen Alv Ottar Folkestad held oppsyn med lundefuglane på Runde.

Foto: Monika Blikås, NRK

Blant dei har Erik Kollding frå Jylland teke plass. I motsetnad til dei mange fotografane rundt han, trivst dansken sjølv best med kikkerten.

– Det er tredje gong eg er her, med fem års mellomrom. Eg synest det er herleg å kike på lundefuglar, dei er artige. Sist såg vi 11 stykke.

– Skodda hindra ikkje frå dykk frå å kome hit?

– Vi bur her i tre dagar, så går vi opp hit og kikar om kvelden. Det er ein fin aktivitet, seier Kollding.

Eit høgdepunkt

Blant fotografane kan også møte ofte på Alv Ottar Folkestad. Han er meir oppteken av å følgje med på utviklinga i fuglekolonien, men kan godt forstå kvifor mange ser på lundefuglen som eit ynda fotoobjekt.

– Dette er høgdepunktet for mange som kjem til Runde. Det er lundefuglen dei spør etter. Det har med fargane og oppførselen å gjere, seier han til NRK.

At skodda hindrar god sikt, ser ikkje ut til å plage verken han eller fotografane nemneverdig.

– Ein må berre vere ekstra tolmodig. Det er ei flott oppleving når lundefuglen stupar ut av skodda og landar på ein stein rett ved dei som sit og ventar, seier Folkestad.

– Av og til er det så dårleg sikt at eg nesten ikkje ser noko, men plutseleg så høyrer eg nokre vengeslag før fuglen passerer. Det er litt av den magiske lundestemninga, legg han til.

Artikkelen held fram etter bildet.

Runde fyr i Herøy

Runde badar ofte i skodde. Det gjer jobben til fotografane vanskelegare.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Bestanden vert mindre

Sjølv om lundefuglane har Lundeura på Runde som permanent koloni, er det hovudsakleg berre om kveldane at ein kan observere dei. Dei med ungar kjem inn i kveldinga med mat som dei har sanka, medan den yngre garde svermar rundt for å gjere seg kjend i kolonien og landskapet rundt – ofte på jakt etter ein stad å bygge reir.

– Dei fleste lundefuglane er vane med at det er folk her og klikkelydar frå fotoapparata. Somme fotografar kjem så nær som ein halv meter, seier ornitologen.

Godt er det at fuglane ikkje tek skade av skodelystne i kolonien deira. For om fuglane hadde flykta, ville det ha vore dramatisk for bestanden. Så mykje som 50 prosent av bestanden ha blitt borte dei siste åra.

– Runde ligg godt an samanlikna med andre lundekoloniar. I år er det ungar i om lag halvparten av reira. Det er ein rimeleg bra sesong det, konstaterer ornitologen.

– Dessverre så er det alltid berre eitt egg i kvart reir, dermed så er det ikkje mogleg å auke bestanden i særleg grad, avsluttar han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL