– Som regel er det folk i kø heile tida, men i dag gjekk det faktisk an å gå ut og hente seg ein ny kopp kaffi, og det er ikkje so ofte det skjer, seier Kari Helen Alnes og ler.
Ho er frivillig i Kirkens SOS sin hjelpetelefon i Ålesund og tek annankvar veke imot telefonsamtalar frå folk som ofte er i djupe, personlege kriser.
«Krise for krisetelefonar» – slik såg avisoverskriftene ut tidlegare i vår, då organisasjonane Mental Helse og Kirkens SOS varsla at dei frykta store kutt i sine tenester – tenester stadig fleire tek i bruk.
Kari Helen Alnes seier samtalane ho har varierer frå djupe, psykiske kriser til kvardagssamtalar med dei som berre vil ha nokon å prate med.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKI fjor fekk Mental Helse 374.000 meldingar og telefonsamtalar frå folk som trengde nokon å snakke med, ofte i ein desperat situasjon. Like eins fekk Kirkens SOS 304.000 førespurnader.
Det året fekk krisetelefonane og chattetenestene til organisasjonane øyremerka statsstøtte.
Det får dei ikkje i 2023, og måtte konkurrere med kvarandre og andre organisasjonar om same pengepotten.
Båe fekk mindre enn dei søkte om, og fryktar at kutta vil gå utover dei som treng hjelp.
– Færre vil få svar frå oss
Mental Helse får 27 millionar til å drive chat- og telefontenestene sine. Det er 13 millionar mindre enn dei søkte om.
– Er 27 millionar frå staten nok?
– Nei, det er det absolutt ikkje, svarar generalsekretær Linda Berg-Heggelund.
– Det vil bli ein del færre som vil kunne nå oss, for vi vil få lengre køar både på telefon- og chattetenesta vår, seier Linda Berg-Heggelund.
Foto: Magnus KristiansenHjelpetelefonen fekk koronamidlar i 2020 og 2021, men ikkje i 2022. Dei valde likevel å sikre tilbodet dei bygde opp under pandemien, og hadde då eit meirforbruk på 6 millionar, då tenesta opplevde stor pågang.
Berg-Heggelund trur kutta vil gå hardt utover den døgnopne chattetenesta deira, som i 2022 svarte på 140.000 førespurnadar.
– Og det er jo i hovudsak unge menneske som treng nokon å snakke med, so vi er veldig uroa for å måtte redusere tenestene, seier generalsekretæren.
– Men de fekk jo meir i tilskott under pandemien, so er ikkje dette eigentleg berre ein retur til normalen?
– Jo, til ein viss grad. Samstundes er det ikkje ein retur til normalen om ein samanliknar med det trykket vi får på tenesta. Vi har framleis enormt mange som ynskjer å kome i kontakt med oss, og det har jo berre auka dei siste åra.
Berg-Heggelund seier ho er veldig uroa for at lågterskeltenestene må kutte medan ventelistene i helsevesenet og psykiatrien spesielt er veldig lang:
Alt frå kvardagsproblem til sjukdom
Alnes fortel at mange ringjer Kirkens SOS med andre ting enn tunge personlege eller psykiske kriser.
Nokre er einsame og treng nokon å snakke med om kvardagslege ting som parforhold, vêret eller svigermor.
– Mange ringjer hit igjen og igjen, fordi dei veit at her er det fornuftige folk å snakke med, seier Alnes.
Kirkens SOS seier dei vil unngå at tilbodet som ho og andre frivillige gjev skal verte kutta.
Nesten kvart år er der overskrifter å lese om at rekordmange har teke kontakt med tenester som Kirkens SOS eller Mental Helse.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK– Dei frivillige er heilt sentrale
Kirkens SOS fekk også tildelt 27 millionar kroner – kring 8 millionar mindre enn dei søkte om.
– Men likevel: det var betre enn frykta, seier generalsekretær Lasse Heimdal.
Lasse Heimdal, generalsekretær i Kirkens SOS, seier at det er titusenvis av nordmenn som har det tungt for tida, og skulle ynskje at dei slapp å kutte i lågterskeltilbod som hjelpetelefonen og chattetenesta deira.
Foto: Kirkens SOSHan fortel at dei prøver å kutte kostnadar utan at tilbodet til dei som tek kontakt skal verte råka.
På Kirkens SOS Møre og Romsdal sitt kontor i Ålesund er dei glade for å ha endeleg fått svar på støtta dei får.
– Men vi ventar litt med å sprette sjampanjen då, seier Carl-Axel Bang-Ellingsen, som er konstituert dagleg leiar.
Det at beskjeden om pengane kom so seint, har gjort til at dei allereie har stramma beltet ganske hardt hittil i år og kutta ein del av dei sosiale samankomstane for dei frivillige.
– Den festivitasen er sett på vent, då. Det kan høyrast litt luksus ut, men det er veldig viktig for oss at dei frivillige føler seg inkludert i eit sosialt fellesskap, seier han.
Carl-Axel Bang-Ellingsen seier Kirkens SOS prøvar å kutte stadar der det ikkje vil gå utover brukarane som tek kontakt, men at organisasjonen allereie ikkje er veldig dyr i drift då talet på tilsette er lågt.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK– Meir rettferdig og opent
Det er Helsedirektoratet som er ansvarleg for tilskotsordningane og som behandlar søknadane.
Statssekretær Ellen Rønning-Arnesen meiner at den nye ordninga er meir rettferdig.
Foto: Esten Borgos / Borgos Foto ASEllen Rønning-Arnesen (Ap) er statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet. Ho seier at hjelpetelefonane til blant anna Mental Helse og Kirkens SOS, gjer ein stor innsats og er eit viktig supplement til det offentlege hjelpetilbodet. Dei får til saman meir enn tre fjerdedelar av heile potten.
Rønning-Arnesen seier at dei ville vekk frå ei ordning der mange enkeltmottakarar fekk øyremerka tilskot.
– Derfor flytta vi pengane inn i tilskotsordningar som ein kan søke på. Då blir det meir rettferdig og opent, og det er kvaliteten på tilbodet som avgjer kor mykje midlar ein får. Det vil også gi meir likebehandling.
Kjensla av å ha gjort ein forskjell
Siri Marie Gauslaa, som saman med Kari Helen Alnes akkurat er ferdig med telefonvakta si, synest uansett det er givande å snakke med so mange som ho gjer.
Denne dagen hadde ho ikkje hatt meir enn fem-seks telefonar på vakta som varer fem timar, men nokre av dei var lange og bikka timen.
Og det er ikkje berre dei tunge tinga folk vil snakke lenge om.
– Vi både flirer og ler og det kan vere veldig trist. Det er veldig, veldig stor breidde.
– Det å ha kjensla av å ha bidrege, eller kanskje gjort ein forskjell for nokon, er jo ei veldig fin kjensle å ha. Og den er ofte med heim, når ein går frå vakt, seier Gauslaa.
Siri Marie Gauslaa seier det kan vere veldig givande å vere frivillig og ta imot telefonar frå dei som treng nokon å prate med.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK