Hopp til innhold

Dei fem er stadfesta omkomne

Det er ikkje lenger håp om å finne overlevande etter huskollapsen i Ålesund. Det opplyste politiet tirsdag ettermiddag.

Det foregår en kontrollert utbrenning i boligblokken i Fjelltunveien i Ålesund.
Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Det er med sorg og djup medkjensle at vi må erkjenne at fem personar har omkome i ulykka i Fjelltunvegen, seier politimeister Arne S. Karoliussen i Sunnmøre politidistrikt.

Omkomne

Politimeisteren har orientert Hovudredningssentralen om at politiet formelt ikkje lenger leitar etter sakna, men no konsentrerer seg om å få ut fem omkomne. Redningsmannskapa skal også vite kvar dei fem omkomne er, sa Karoliussen på ein pressekonferanse i Ålesund.

Se utdrag fra pressekonferansen

Erik Thorenfeldt.

Erik Thorenfeldt, leiar for byggteknisk gruppe.

Foto: Rune A. Hansen. / NRK

Ekspertgruppa som sidan laurdag har undersøkt rasstaden, har konkludert med at raset no er stabilt og at det ikkje lenger er fare for at huset skal falle saman, seier leiar for ekspertgruppa Erik Thorenfeldt.

Sikring

Det er særleg andre etasjen som har fått store skadar og gruppa foreslår å stive av konstruksjonen i to trinn. Først lokale sikringar slik at det er mogleg for redningsmannskap å gå inn, der dei ventar at dei fem omkomne er og seinare ei meir generell avstiving for å sikre andre som må inn i bygget.

Nitrogen

Førebels er det ikkje klart når redningsarbeidet etter dei fem omkomne kan starte. Brannmannskapa vil no prøve å sprøyte inn nitrogengass for å nøytralisere propangassen som framleis er i holrom i bygget.

- Vi prøver å få denne gassen inn gjennom røyr som går gjennom hol i veggen og det vert også vurdert å gå inn gjennom kloakksystemet. Parallelt med dette vert det også arbeid med ein innsatsstyrke som skal prøve å kome seg inn for å gjennomsøke bygget, seier John Kåre Flo, stabssjef i Sunnmøre politidistrikt.

John Kåre Flo.

John Kåre Flo, stabsjef i Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Rune A. Hansen. / NRK

Gass i tanken

Det er framleis 100-150 liter propan igjen i gasstanken. Brannmannskapa må også få kontroll over denne gassen før ein kan kome vidare i arbeidet med å hente ut dei fem, seier Flo.

Brannvesenet prøver også å bore gjennom tanken for å få ut det som er att av propan. Dette skal være eit svært farleg arbeid. Til dette arbeidet har brannmannskapa også støtte frå redningsavdelinga i Oslo Brannvesen.

Raset er stabilt

Ekspertgruppa har også vurdert geologien i området. Gruppa konkluderer med at raset ikkje har påverka stabiliteten til nabohusa til det samanraste bygget.

- Det er ikkje fare for at meir av fjellet skal rase ut, seier geolog Lars Harald Blikra.

Framleis evakuert

296 personar er framleis evakuert og det er enno ikkje klart når dei kan flytte tilbake.

Bjørn Tømmerdal.

Bjørn Tømmerdal, ordfører i Ålesund.

Foto: Rune A. Hansen. / NRK

- Inntil dei kan flytte tilbake vil kommunen oppretthalde sitt servicetilbod, seier ordførar Bjørn Tømmerdal.

Kondolanse

Kommunen vil også legge ut ein kondolanseprotokoll på servicetorget på rådhuset onsdag morgon.

- Vi vil at all den sorga som har vore i Ålesund skal kome til utrykk, seier Tømmerdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL