NRK Meny
Normal

Dei fann Anja drepen på Aksla

Hundeførar Britt Unni Rørstad (47) og schæferen Buffy fann den drepne Anja Weløy Aarseth på byfjellet Aksla i fjor sommar. Først no står dei fram.

Tirsdag starter rettssaken etter drapet på Anja Weløy Årseth som ble drept på byfjellet Aksla i Ålesund i fjor høst. Hundeføreren som fant den unge kvinnen sier hun reagerte med frustrasjon og sinne og skal nå følge rettssaken.

Det er mange som har forsøkt å få hundeførar Britt Unni Rørstad (47) frå Sykkylven til å stå fram for å fortelje om då ho og hunden Buffy fann den drepne Anja Weløy Aarseth. Ho vegra seg lenge, men fortel no for første gong offentleg korleis ho opplevde det.

– Eg var mest letta fordi ho var funnen, og fordi vi endeleg hadde svaret på kvar ho var, seier Britt Unni Rørstad. Då hadde fleire hundre menneske leita, og leitinga hadde pågått i snart to døgn.

Les også:

Gret på skuldra til dottera

Hundefører Britt Unni Rørstad og hunden Buffy

Britt Unni Rørstad og hunden Buffy trenar dagleg på å finne folk i terrenget.

Foto: Remi Sagen

Den erfarne hundeføraren reiste frå Sykkylven til Ålesund og begynte å søkje allereie torsdag ettermiddag, same dag som Anja Weløy Aarseth blei meldt sakna. Heile natta og fredagen gjekk utan resultat. Natt til laurdag var det heller ikkje noko funn. Laurdag morgon blei ho endeleg funnen. Død.

– Først då eg kom heim igjen blei eg på ein måte mor igjen, og eg opplevde ei stor sorg. Eg blei veldig opptatt av å halde rundt dottera mi og klemme henne. Det å kjenne at du har ei dotter som er i live, det hjelpte meg veldig, seier Rørstad.

Rasande over det som skjedde

For funnet gjorde ein sterkt inntrykk på hundeføraren. Etter å ha forklart for politiet kva ho såg då ho kom fram til den livlause kroppen, var det viktig at ho ikkje snakka med utanforståande.

– Eg hadde bilete på netthinna som eg ikkje kunne dele med nokon, sidan det var bevis i ei straffesak. Men det var tøft, seier Rørstad og legg til:

– Eg var ikkje god å ha i hus ein periode. Eg var stressa, sint, rett og slett rasande. Det som hadde skjedd var så umotivert, så urettferdig, det var så feil.

Trenar dagleg

Britt Unni Rørstad

Britt Unni Rørstad (47) reagerte med raseri då det etter kvart gjekk opp for henne kva ho hadde vore med på.

Foto: Remi Sagen

Den ti år gamle schæfertispa Buffy var den som søkte seg fram til Anja Weløy Aarseth den laurdagsmorgonen. Dagleg blir hunden trent, fleire gongar i veka er det treningssamlingar som Buffy og Britt Unni Rørstad er med på.

– Eg er veldig glad i dyr, og det å kunne bruke det til noko fornuftig, er veldig ok. Det er godt å kunne bety noko for folk, bidra til å gje eit svar for dei pårørande i deira verste situasjon. Det motiverer også til å halde fram, seier Britt Unni Rørstad.

Les også:

Snakkar i samband med rettssaka

Lenge kunne og ville ikkje Britt Unni Rørstad seie noko om korleis det var å finne den drepne 25-åringen på Aksla. No meiner ho tida er inne.

– Der og då orka eg ikkje. Så let eg det vere i respekt for dei pårørande. Men no blussar saka uansett opp igjen, seier Rørstad, og siktar til rettssaka, som startar i Ålesund tingrett tysdag.

Les også:

Fekk takk frå foreldra

Den erfarne hundeføraren var med i gravferda til Anja Weløy Aarseth i Bergen.

– Då fekk vi snakke med foreldra, og seinare fekk vi ein takke-mail frå dei. Det motiverer veldig til å halde fram, seier Britt Unni Rørstad.