NRK Meny
Normal

Dei er Noregs beste unge forskarar

Ane Espeseth og Torstein Vik går til dagleg på forskarlinja på Fagerlia vidaregåande skule. No har dei vunne konkurransen «Unge forskarar».

To elevar ved forskarlina ved Fagerlia vidergående skole i Ålesund har gått heilt til topps i konkurransen Unge Forskere.
Ane Espeseth og Torstein Vik har levert eit matematikkprosjekt som har imponert, og det var kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen som fekk overraske dei unge forskarane.

Dei reiste til Oslo utan å vite kvifor dei skulle møte Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

– Vi var veldig spent og lurte på kvifor vi skulle til ministeren, fortel Ane Espeseth.

Men inne på kontoret til Kunnskapsministeren var det ministeren sjølv som fekk sleppe katta ut or sekken.

Ein av dei tinga eg skal fortelje, er at de to skal på tur til Brussel og Los Angeles. Slik opna Røe Isaksen samtalen då dei to unge forskarane kom inn på kontoret til kunnskapsministeren.

Verken Ane Espeseth eller Torstein Vik skjønte heilt kva dette innebar med det same.

Seriøst, utbraut Ane Espeseth.

– De har vunne

Dermed kunne Torbjørn Røe Isaksen fortelje det han og berre nokre få andre visste.

De har vunne konkurransen. Det er heilt sant. Gratulerer. Vi har visst det lenge, sa Torbjørn Røe Isaksen til klappsalvene i rommet.

Det er Forskingsrådet som arrangerer konkurransen kvart år. Svært mange deltek, og det blir sett på som ein krevjande konkurranse. Ane Espeseth og Torstein Vik har forska på symmetriar som relaterer seg til primtal. Det er med andre ord forsking innan matematikk dei har beskjeftiga seg med.

Vi møtte nokre av dei andre deltakarane, og vi har inntrykk av at nivået er ganske høgt, fortel Ane Espeseth.

– Heilt «Konge»

Etter kvart gjekk det opp for Ane Espeseth og Torstein Vik at dei faktisk hadde vunne den landsomfattande og prestisjetunge konkurransen «Unge forskarar».

Dette var spennande, og det gjekk ganske bra, seier Torstein Vik.

Juryen gav dei to frå Fagerlia svært gode skussmål.

Det var heilt «Konge» å ha med eit så godt matematikkprosjekt vidare til europameisterskapen. Dei har innsikt i djupe matematiske teoriar og har klare talent innan matematisk forsking, seier Sissel Holmern, seniorrådgjevar i Forskingsrådet.

Ifølgje juryen står forskinga til dei to Fagerlia-elevane ikkje tilbake i forhold til forsking på høgt universitetsnivå.

– Eg har ein far som likar å undervise i matematikk. På ungdomsskulen fekk eg eit tilbod om den virtuelle matteskulen. Der møtte eg ein fantastisk lærar, Andreas Holmstrøm. Etter dette har eg berre blitt meir og meir interessert, seier Torstein Vik.

Det er den same matematikklæraren som har inspirert Ane Espeseth.

– Dette har berre blitt meir og meir spennande. Og artikkelen som vi vann konkurransen med er resultatet av dette.

Til Brussel og Los Angeles

No skal Ane og Torstein ha med seg matematikkprosjektet til europameisterskapen. I år er dette lagt til Brussel. Der skal dei konkurrere mot 150 andre prosjekt.

Deretter er det verdsmeisterskapen i Los Angeles som står for tur. Der er det nesten 2000 prosjekt med.

– Men det er ikkje prisane som er det aller viktigaste. Det viktigaste er å lage nettverk med ungdommane og at ungdommane får møte andre ungdommar som er interesserte i det same som dei sjølve, seier Sissel Holmern.