Hopp til innhold

Dei bur snart i same kommune- men berre ein må betale eigedomsskatt

Arne Martin Harnes synest det er rart at det ikkje er lik eigedomsskatt for alle i den samanslåtte storkommunen.

Arne Martin Harnes og Eivind Davik

Arne Martin Harne og Eivind Davik bur på kvar si øy med ein ferjetur på 10 minutt mellom. Harnes må betale eigedomsskatt, Davik slepp.

Foto: Montasje/Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Når 119 kommunar slår seg saman frå nyttår, betyr ikkje det at innbyggjarane i dei nye kommunane får lik belasting på eigedomsskatt umiddelbart. Både betalingssatsen og takseringsmetoden kan vere ulik innad i dei samanslåtte kommunane.

– Det er spesielt at folk skal betale forskjellig når dei er i same kommune, seier Arne Martin Harnes på Harøya i Sandøy kommune. Snart høyrer han til storkommunen nye Ålesund kommune, med 65.000 innbyggjarar.

– Bør sleppe skatt i to år

Arne Martin Harnes

Arne Martin Harnes meiner at alle innbyggjarane i nye Ålesund bør få fritak frå eigedomsskatten, til det blir likt for alle.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Familien på fire bygde hus for sju år sidan, og Harnes er ein av dei som betalar mest eigedomsskatt i Sandøy, fordi huset er stort, nytt og ligg sentralt.

– Vi bygde kanskje litt større hus enn vi trengde fordi tomteprisane var så lave, seier Harnes.

Harnes meiner det er underleg at innbyggjarane i to av kommunane i nye Ålesund slepp eigedomsskatt dei neste to åra, sidan vedtaket om kommunesamanslåing vart gjort allereie i 2017.

– Eg meiner at alle innbyggjarane burde sleppe denne skatten i overgangsperioden, seier Harnes.

Stor jobb for kommunane

Astrid Eidsvik

Astrid Eidsvik er rådmann i nye Ålesund. Ho seier det er ein stor jobb å taksere eigedomane.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Astrid Eidsvik, rådmann i nye Ålesund kommune, seier at dei ikkje klarer å få eigedomsskatten lik i alle dei fem kommunane til årsskiftet.

Å fjerne skatten for alle i overgangsperioden, har ikkje vore eit tema i den politiske debatten. Eidsvik meiner det måtte ha blitt bestemt for lenge sidan, slik at det blei lagt ein plan for kva som skal sparast på, dersom store inntekter frå eigedomsskatten forsvinn.

Det er det nye kommunestyret som må ta stilling til om det skal vere eigedomsskatt i nye Ålesund og på kva slags nivå.

– Det er ein stor jobb for administrasjonen å kartlegge og lage eit godt grunnlag for at takstane på eigedomane skal bli riktig, dersom det blir vedteke, seier Eidsvik.

Fryktar skyhøg takst i utkantstrøk

Eivind Davik

Eivind Davik er glad for at han slepp å betale eigedomsskatt ei stund til.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

På naboøya Fjørtofta i Haram, ti minutts ferjetur unna, slepp bonde- og lokalpolitikar Eivind Davik (Sp) å betale eigedomsskatt ei stund til.

Det er han glad for, for garden har fleire hus enn familien brukar. Våningshuset står tomt, det same gjer eit bustadhus som høyrer til nabogarden dei har kjøpt. Husa kan ikkje seljast, fordi dei ikkje er fråskild frå garden.

Frykta hans, dersom det blir innført eigedomsskatt i storkommunen, er at takseringa av husa blir rekna ut ifrå kvadratmeter, slik at skatten blir lik om ein bur i utkantstrøk eller i Ålesund. Det er berre rundt 100 som bur på øya, og her finst ikkje skule, barnehage eller andre kommunale tilbod.

– Argumenta for kommunesamanslåinga var at vi skulle bli så robuste, så då håper eg at den nye kommunen blir så robuste av vi slepp avgifta, seier Davik.

Krevande når skatten går opp

Helge Eide, direktør for interessepolitikk i KS

Helge Eide er direktør for interessepolitikk i KS.

Foto: NRK / NRK

I oktober skal Finansdepartementet legge fram forslag til endring av eigedomskattelova for samanslåtte kommunar. Forslaget er at dei nye kommunane får ein overgangsperiode på inntil tre år for å gjere skattesatsane like, og at harmoniseringa skal starte allereie første året.

Områdedirektør i KS, Helge Eide, seier det er utfordrande for kommunar som slår seg saman når satsane er ulike.

– Det er sjølvsagt krevande for dei av innbyggjarane som opplever at eigedomskatten går opp, seier Eide. Kommunesamanslåinga fører også til betydelege tekniske utfordringar, fordi eigedomane må takserast på nytt. Berre å få gjort det i tide, er vanskeleg.