Hopp til innhold

Dei beste pusse-triksa for bunadssølvet

Er det lurt å bruke tannkrem, fiskesø eller salmiakk for å få skinande blankt bunadsølv? Mai nærmar seg, og vakre bunader treng velstelte søljer.

Gullsmed ved arbeidsbordet

Gullsmed Arild Waage i Ulsteinvik har hendene fulle med å pusse og reinse bunadssølv til festmånaden mai.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

I den velfylte, verkstaden i Ulsteinvik der ein oval arbeidsbenk, eit stort utval knipetenger, luper, plastflasker og ein utslagsvask er nokre av ingrediensane, vender gullsmed Arild Waage ei vakker bunadsølje mellom fingrane. Alle krinkelkrokane får eit kyndig blikk.

Vedundermiddelet

Han held sølja opp mot lyset og har diagnosen klar.

– Ho har oksidert ein del, og er for matt, seier han, og legg sølja varsamt ned i det som ser ut til å vere ei frityrgryte.

Gullsmed med ultralyd-kar for rensing av gull og sølv

Waage sjekkar at bunadsølvet blir blankt og fint i ultralyd-karet.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Men det er langt frå noko frityrgryte for fiskepinnar og pommes frites. Det er eit ultralyd-kar fylt med varmt vatn, grønsåpe og salmiakk, som tryllar mørkt og flekkete bunadssølv skinande blankt igjen.

Bunadsølje er tatt opp av eit rensebad

Ei nypolert bunadsølje er ferdig til tørking på papirhandkle eller ved hjelp av hårfønar.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Salmiakk er gullsmedens beste venn. Det løyser opp det meste av smuss og skitt, og saman med ein god desj grønsåpe eller Zalo, gjer det underverkar, smiler gullsmeden.

Samtidig påpeikar han at nypussa bunadssølv alltid, alltid må skyljast godt av under rennande vatn.

Bunadsølv som skal pussast hos gullsmed

Mange leverer bunadssølvet til profesjonell reinsing hos gullsmeden.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

– Når du synest du har skylt av lenge nok, er du halvvegs. Bruk dobbelt så lang tid attpå!

Greitt med kjerringråd

I vel 25 år har fagmannen Waage pussa og stelt bunadssølv for folk flest til festmånaden mai. Underleg nok er det øyredobbar til bunaden som lettast blir flekkete og stygge. Noko forklaring på fenomenet, har Waage ikkje.

– Men eg har pussa tallause søljer opp gjennom åra, og synest det er kjekt å gjere folk fine. No er det høgsesong før det brakar laust med konfirmasjonar, 17.-mai og andre festdagar utover våren og sommaren.

Bunadsølvet er jo prikken over i`en for alle heldige eigarar av bunad. Men mange er usikre på korleis få bort anløpet, altså oksiderte, flekkar på søljene. Og om dei kan ty til kjerringråd.

– Eg seier ikkje fy til kjerringråd, for fleire er heilt greie. Eg brukar nokre sjølv, humrar gullsmeden.

Pass på bunadsskjorta!

Gullsmed Arild Waage med nyrensa bunadsølje

Waage har ein eigen reinsetrommel som polerer bunadsølv og andre smykke ved hjelp av små stålkuler.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Arild Waage har sett mange bunadskjorter øydelagde av ulike pussemiddel. Årsaka er gjerne at festa for hals-søljer og knappar, er halve sølvkuler som er uthola. Dei har ørsmå hol der veske lett kan lekke inn.

– Frå du veske inn i knappane, vil garantert mørke striper av pussemiddel renne nedover på skjorta. Bruk heller ein sølv-pusseklut og gni knappen rein.

Sølvknappa vestar og lommer med påsydd lås er også ei utfordring å få pussa utan at bunadsstoffet blir tilsmussa.

Bunadssølje med nål som har mist spensten

Ei treg og bein nål er alfa og omega for at sølja skal sitje godt på bunaden. – Knip inn festet og strekk ut nåla, oppmodar gullsmeden.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Klipp eit hakk i ein pappbit, tre den under vesteknappane og gni dei blanke med pusseklut. Bruk pussekluten også på bunadslomma for å unngå søl på stoffet.

Gullsmeden i Ulsteinvik meiner forresten bunadssølvet ikkje alltid treng å sjå nypussa og skinande ut.

– Dette er tradisjonssølv, og bør ha ein gamal, sjarmerande teint, seier Arild Waage, og legg ei ny sølje i ultralyd-karet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL