Hopp til innhold

Dedé tilbake

Dedé Anderson er tilbake på Sunnmøre etter ein noko utvida juleferie. Etter fem månader i Rio landa den brasilianske spissen på Vigra onsdag kveld.

Dedé Anderson
Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Etter gjentatte mislykka forsøk frå klubben på hente spissen heim frå juleferie vart lønna til Anderson stoppa for snart ein månad sidan.

Investor Leif Haagensen reiste til Rio for å hente investeringsobjektet tilbake frå Brasil, og no vil klubbleiinga gi spelaren litt ro før dei avgjer kva rolle han skal få i klubben vidare.

- Begge foreldra er alvorleg sjuke, og dei ligg på sjukehus utanfor Rio. Det er det som har plaga Dedé, forklarar Haagensen om kvifor spelaren ikkje returnerte til Ålesund som planlagt etter jul.

Styreleiar i Aalesunds Fotballklubb, Torill Hole Standal seier Anderson skal vere i bra form, men utelukkar at han blir klar allereie til seriestart 2. påskedag.