Hopp til innhold

Debutant får sjansen i alpinsirkuset

Sebastian Foss Solevåg følgjer i Aleksander Aamodt Kildes fotspor og får sin verdscupdebut i finske Levi om to veker. – Det blir utfordrande, seier 21-åringen frå Ålesund.

Sebastian Foss Solevåg

Sebastian Foss Solevåg, frå Spjelkavik i Ålesund, debuterer i verdscupen 10. og 11. november i Finland.

Foto: Vegard Busengdal

Kilde fekk sin debut i Solden sist helg, og no gir alpinkomiteen ein ny unggut sjansen.

– Sebastian er nykommar på laget og ein sterk slalåmkøyrar. Han får sjansen i Levi, men i og med at det er krevjande å køyre i verdscupen, så skal vi ikkje vente at plass i finaleomgangen på første forsøk.

– Men ingenting er heilt umogeleg, seier sportssjef Claus J. Ryste til skiforbundet.no.

Han seier at målet er å satse litt ekstra på slalåm for menn i år, og derfor får seks utøvarar sjansen i Levi.

– Vi ønskjer å trykke til og bygge opp eit skikkeleg slalåmmiljø som skal prestere bra på sikt, legg sportssjefen til.

Veteranen Lars Elton Myhre stiller i spissen for den norske slalåmtroppa i Levi. Der stiller også Leif Kristian Haugen, som var best av dei norske i storslalåmrennet i Solden sist helg (13.-plass), saman med slalåmkometen frå i fjor, Truls Johansen.

Sebastian Foss Solevåg

Sebastian Foss Solevåg er med på Norge sitt Europacuplag på første året.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Ei overrasking

21-åringen sjølv, frå Spjelkavik på Sunnmøre, fortel at startnummer i verdscupen kom uventa.

– Eg hadde ikkje forventa dette, så det kom som ei overrasking. Men eg har køyrt bra på trening, så då fekk eg lov, seier Foss Solevåg til NRK.no.

Han er med på Europacuplaget i alpint for første gang i år. Likevel er han godt kjent med miljøet.

– Eg køyrte heile fjorårssesongen i Europacupen, men det er ein klar fordel å vere fast inne i troppa. Det er gøy og lærerikt.

– I sommar har treninga vore gode, og skiøktene med nytt utstyr har vore viktig, seier Foss Solevåg.

Sjølv om han har køyrt Europacup, mot mange av dei som køyrer Verdscup, er 21-åringen klar på at det er eit stort steg.

– Det blir svært utfordrande.

– Vi får håpe eg taklar presset, men eg har lite å tape. Det er mitt første verdscuprenn, og eg skal gjere mitt beste, slår han fast.

Glade for at Mona er tilbake

Sebastian Foss Solevåg er 21 og er frå Spjelkavik. Det same er Mona Løseth, ein utøvar som skiforbundet no er svært glade for å ha fått tilbake.

Ho har slite med to beinbrot dei siste sesongane, men har trent bra i sommar og haust.

– Mona har køyrt bra på trening og hatt ei fin sesongoppkøyring, fortel landslagstrenar Jorgen Nordlund.

Han legg ikkje skjul på at han synest det eit fint å ha henne tilbake i
landslagstropp.

Etter verdscuprenna for kvinner og menn i Finland, reiser alpinistane til Canada og USA for å fortsette sesongen der.

Lotte Smiseth Sejersted, Kjetil Jansrud og Aksel Lund Svindal kjem til å reise til USA for å trene allereie før renna i Levi.

(NRK/NTB)

Aleksander Aamodt Kilde

Aleksander Aamodt Kile fikk verdscupdebuten sist helg.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix