Hopp til innhold

Davik til Kronenberg

Norges Rytterforbund har tatt ut Eivind Davik frå Nordvest Hestesportklubb i Ålesund til VM i einspann. Noreg sender fire ekvipasjar til Kronenberg i Nederland i månadsskiftet august/september. Noreg har håp om medalje både i enkeltgreiner og samanlagt. I NM for ein månad sidan blei Davik nummer tre.