Hopp til innhold

Dave Holland - Artist in residence

Moldejazz slepp programmet sitt i dag.

Dave Holland

ARTIST IN RESIDENCE: Den engelske bassisten Dave Holland er årets Artist in residence på Moldejazz.

Foto: Mark Higashino

Engelskmannen Holland er kjent som bassist, komponist og bandleiar. Sidan han vart med i Miles Davis sitt band i 1968 har han markert seg som ein viktig bassist i moderne jazz, skriv festivalen i ei pressemelding.

Holland var med på platene "In a silent way" og "Bitches Brew" saman med Davis.

Hyllest til jazzen

Sing the truth

SING THE TRUTH: Vokalistane Angelique Kidjo, Dianne Reeves og Lizz Wright står bak jazz-hyllesten 'Sing the Truth'.

Foto: Moldejazz

I tillegg til Holland framhevar festivalen sangprosjektet "Sing the Truth". Der har vokalistane Angelique Kidjo, Dianne Reeves og Lizz Wright slått seg saman i eit hyllestprosjekt til store namn innan jazzen.

Dei tre går på scena i Bjørnsonhuset 19. juli.

Seks dagar midt i juli

Moldejazz 2011 startar 18. juli, og varer fram til 23. juli. I løpet av desse dagane besøker også bandet Supersilent Rosenes by saman med John Paul Jones.

I tillegg nemner festivalen namn som "Stian Westerhus & Trondheim Jazzorkester" og "Jon Balke + Batagraf & Trondheim Voices".