Hopp til innhold

Dato for fødeopning er klar

No er det sett ein dato for gjenopninga av fødeavdelinga ved sjukehuset i Kristiansund. Klinikksjef Georg Johnsen opplyser at fødeavdelinga vil opne igjen 1. desember.

Fødeavdelinga, som er den einaste i landet med eit stortingsvedtak om å halde opent, blei stengt i februar på grunn av mangel på fagfolk.

Det er rekruttert fire gynekologar, to gynekologar under spesialisering og fleire jordmødrer. Men det er endå ikkje nok, seier Johnsen. – Grunnen til at avdelinga ikkje kan opne tidlegare, er at fagfolka ikkje er på plass før, seier klinikksjefen.

Klinikksjef for sjukehusa i Molde og Kristiansund, Georg Johnsen
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL