Hopp til innhold

Dato for ankesaka er klar

Datoen for ankesaka til foreldra og ein bestefar, som blei dømt til fengsel for overgrep mot tre søsken, er no klar. Saka skal opp i Frostating lagmannsrett 31. januar. Det er sett av ni dagar til ankesaka. Mora og bestefaren blei begge dømde til ni års fengsel i oktober. Då kom retten til at faren var lettare psykisk utviklingshemma, og har fekk difor eitt år mindre i fengsel, i åtte år. Alle dei tre anka etter dommen i tingretten.