Hopp til innhold

Nettverk var nede på Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus sette i verk nødrutinar og krisestab etter at alt av nettverk ved sjukehuset var nede måndag kveld.

Ålesund sjukehus

Ålesund sjukehus måndag kveld.

Foto: Remi Sagen / NRK

Klokka 23.23 melder Helse Møre og Romsdal at feilen er funne og retta opp, og sjukehuset har no eit fungerande nettverk igjen.

Dei fleste driftssystema skal fungere som normalt og resten er venta å bli operative i løpet av kort tid.

Sjukehuset har ikkje fått meldingar om at feilen fører til konsekvensar for pasientar. Dei vil ha ekstra teknisk personell på staden framover som følgjer situasjonen tett.

Sette krisestab

Dei var ein feil som gjorde at alt av nettverk og datasystem var nede på Ålesund sjukehus måndag kveld. Feilen blei rapportert inn hos dei klokka 20.27.

Kommunikasjonsdirektør i Helse Møre og Romsdal, May Helen Molvær Grimstad

Kommunikasjonsdirektør May Helen Molvær Grimstad.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dette resulterte i at det blei sett i verk nødrutinar og krisestab.

– Det er straumproblem som har ført til nettverksutfall. Det blir jobba med saka, opplyste kommunikasjonsrådgjevar Hege Hegle til NRK tidlegare måndag kveld.

Hegle seier til Sunnmørsposten at det er svært sjeldan sånt skjer i dette omfanget, og det har ikkje skjedd dei åtte åra ho har jobba der.

Sjukehuset etablerte grøn beredskap og sette inn ekstra ressursar for å handtere hendinga. Det gjeld også utandørs der dei har tilgang på nett.

– Når nettet ligg nede er det ulike verktøy ein ikkje får brukt på same måte som elles. Då må ein ha manuell dialog og ein annan kommunikasjon, sa kommunikasjonsdirektør May Helen Molvær-Grimstad til NRK i 23.00-tida måndag.

Har eigne prosedyrar

Helse Møre og Romsdal har eigne prosedyrar for slike høve der IT-system fell ut.

Desse har blitt sett i verk, for å sørge for at drifta kan skje så normalt som mogleg og at pasientsikkerheita blir varetatt, meldte helseføretaket.

Sjukehuset i Ålesund gjekk på reservestraum inntil feilen var løyst.