Hopp til innhold

– Dataspel gir eldre og psykisk utviklingshemma ein betre kvardag

Femten kommunar har deltatt i eit teknologiprosjekt dei to siste åra. Konklusjonen er at dataspel og moderne teknologi kan gje betre kvardagar for både eldre og psykisk utviklingshemma.

Dataspill

Dataspel har lenge vore vanleg på omsorgssenter i USA. Dei to siste åra har dette blitt testa også her i Noreg, og både eldre og psykisk utviklingshemma trivst med tilbodet.

Foto: Paul Sakuma / AP

Kari Sjøholt, leiar for heimetenestene i Ørskog.

Kari Sjøholt fortel at dei har fått veldig positive tilbakemeldingar frå dei eldre som har prøvd dataspel.

Foto: Privat

Sidan 2012 har 15 kommunar deltatt i Det midtnorske velferdsteknologiprosjektet for å prøve ut mellom anna dataspel og GPS som velferdstilbod.

Nyinnkjøpte dataspel

I Ørskog kommune på Sunnmøre har dei gode erfaringar med bruk av GPS. No ønskjer dei at dataspel blir ein del av kvardagen.

– Vi har prøvd ut GPS til heimebuande demente, og har hatt veldig gode erfaringar med det. Det har gitt brukarane større fridom og ikkje minst gjort kvardagen deira tryggare. Det har pårørande sett pris på, seier Kari Sjøholt, leiar for heimetenestene i kommunen.

Sjukeheimen på Sjøholt har nettopp gått til innkjøp av dataspel.

– Eg har høyrt at fleire kommunar har hatt svært gode erfaringar med det, og no er det vår tur, seier ho.

Stimuli for eldre

Håvard Overå

Leiar i prosjektstyringsgruppa, Håvard Overå, anbefaler fleire kommunar å prøve moderne teknologi for eldre.

Foto: Privat

No blir alle kommunane som har vore med i prosjektet inviterte til å høyre om erfaringane. Håvard Overå frå Ålesund kommune har vore leiar for prosjektstyringsgruppa, og vil gjerne anbefale opplegget til andre.

– Ved hjelp av dataspel blir dei kognitive funksjonane stimulerte og det er sosialt å spele saman. I tillegg får ein fysisk trening. Det kan for eksempel vere golf eller dans, og andre spel som krev litt aktivitet, seier Overå.

Han fortel at det er ikkje berre eldre som har hatt positive erfaringar med dataspel.

– Psykisk utviklingshemma har også hatt stor suksess med bruk av dataspel som aktivitetstilbod.

Utfordringar med GPS

Prosjektet er eit samarbeid mellom KS og fylkesmannen i Møre og Romsdal og dei to trønderfylka. Fem kommunar i Møre og Romsdal, tre kommunar i Sør-Trøndelag og sju kommunar i Nord-Trøndelag har delteke i prosjektet.

Fysisk aktivitet og sosialt samspel er den eine delen av prosjektet med velferdsteknologi. Den andre dreier seg om tryggleik i kvardagen der GPS-registrering kan vere til hjelp for dei som har vanskar med å orientere seg. Men bruk av GPS kan også bety utfordringar, seier Overå.

– Ein er heile tida avhengig av kontakt med satellittar, og det skaper problem når ein er innandørs. Ein må òg ha telefondekning for å kommunisere via GPS. Vi har også fått reaksjonar frå brukarar om at dei ikkje likar å ha på seg GPS fordi dei ikkje veit kva det er, seier Overå.

Prosjektet er eigentleg avslutta, men det er bestemt å halde fram i nokre månader til. Overå håper at tida fram til februar vil bli brukt til å dele erfaringar med fleire kommunar.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL