Hopp til innhold

Dårlege vêrutsikter for fellesferien

– Nyt søndagen, er oppmodinga frå meteorologen. Den komande veka byr på nedbør og lågare temperaturar.

Utsikt Ålesund

I Ålesund var det sol og blå himmel søndag.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Måndag 13. juli er fellesferien for fullt i gong, og mange kan endeleg ta ein velfortent sommarferie. Men sommarvêret let nok vente på seg, om ein skal tru statsmeteorolog Anne Solveig Andersen ved Vervarslinga på Vestlandet.

– Det ser ikkje veldig bra ut nei. Skiftande vêr prega av ein del nedbør og skyer er stikkorda for den komande veka, seier ho.

Nyt søndagen

Andersen oppmodar difor at dei som kan til å utnytte vêret søndag.

Anne Solveig Andersen

Regn og lågare temperaturar er stikkorda for den komande veka, ifølgje statsmeteorolog Anne Solveig Andersen ved Vervarslinga på Vestlandet.

Foto: Marit Hommedal

– Det var noko regn på føremiddagen, men det har letta og det blir truleg ein solfylt søndag i store delar av fylket, seier ho.

Også temperaturane blir fine søndag.

– Temperaturane ligg opp imot 20 grader, og det har blant anna blitt målt 20,4 grader på Tingvoll i dag, seier Andersen.

Lågare temperaturar

Det er også meldt lågare temperaturar i den komande veka.

– Temperaturane blir noko lågare enn i dag og vil ligge mellom 12 og 16 grader. Det kan difor vere greitt å kle seg godt dersom ein har planlagt uteaktivitetar i ferien, seier statsmeteorologen.

Andersen kan likevel avsløre at det er eit lysglimt i vêrmeldinga.

– Det kan sjå ut som vêret lettar utover dagen torsdag og på fredag, så foreløpig ser det bra ut. Då kan ein få eit solgløtt innimellom, seier ho.