Hopp til innhold

Meiner vêrvarslinga er for pessimistisk

Dårlege vêrmeldingar har ført til færre besøk på DNT-hyttene. – Mange dagar er vêrmeldingane for pessimistiske, meiner turistforeiningsleiar.

Per Ola Kleppe på tur frå Reindalseter turisthytte

USIKRE: Per Ola Kleppe og familien var først usikre på om dei skulle legge ut på tur på grunn av vêrvarslinga.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Vi har vore heldige med vêret, det hadde vi ikkje trudd. Det var jo meldt torevêr så vi var litt skeptiske, men alt endra seg til det betre, seier Per Ola Kleppe.

Saman med storfamilien tok han sjansen på å legge ut på tur til Reindalsseter turisthytte på Sunnmøre trass dårlege vêrmeldingar.

Dårlegare besøkt

Ole Andreas Mikkelsen Rønningen

Styrar ved Reindalsseter turisthytte Ole Andreas Mikkelsen Rønningen fortel at dei har hatt færre besøkande i rå.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Reindalsseter turisthytte ligg 710 meter over havet og er Ålesund-Sunnmøre Turistforenings mest besøkte hytte. Men denne sommaren har det vore langt mindre aktivitet.

– Vi har fått avbestillingar på grunn av vêret, og så blir det ikkje så ille likevel, seier styrar ved hytta Ole Andreas Mikkelsen Rønningen.

Linda Flem, dagleg leiar i DNT Sunnmøre

Linda Flem, dagleg leiar i DNT Sunnmøre, meiner vêrvarslinga i sommar har vore for pessimistisk.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Årets sommar har hatt langt færre sommardagar enn vanleg. Men Linda Flem, dagleg leiar i DNT Sunnmøre, seier vêret ikkje alltid er så gale som det er meldt.

– Eg trur mange sjekkar Yr.no og så legg dei ikkje ut på tur.

Flem trur mange blir påverka når dei sjekkar vêrvarselet og dermed vel å bli heime. Ho trur det er ei av årsakene til at dei har hatt færre besøkande i sommar, og kjem med ei klar oppfordring.

– Eg vil anbefale folk å kle på seg og ta turen ut. Planlegg gjerne ein tur etter forholda, seier DNT-leiaren.

Les også: Færre sommardagar enn vanleg: – Kan framleis snu

Turister i Stavanger i regnponchoer
Turister i Stavanger i regnponchoer

– Blir ikkje alltid som meldt

Ingvild Thynes Villa ved Meteorologisk institutt forklarer at vinterhalvåret er prega av kraftige lågtrykk som kjem inn frå sørvest. Desse lågtrykkssystema er modellane deira ganske gode på, noko som gjer at dei kan varsle lang tid i førevegen, og at det er lite usikkerheit.

– Om sommaren er det vanskelegare for modellen vår å varsle byeaktivitet og lågt skydekke. Éin plass kan vi treffe godt på det som er varsla, men så bur nokon på den andre sidan av dalen der bya ikkje treff og dei får greitt vêr, seier ho.

– Vi bommar av og til, absolutt.

Meteorologen meiner likevel ikkje at dei er for forsiktige når dei kjem med vêrprognosane.

– Vi ønskjer jo å melde mest mogleg rett vêr og å gi god informasjon, både om kva som er usikkert og sikkert. Det er det vi jobbar med og for kvar einaste dag.

Reindalsseter turisthytte på Sunnmøre

Reindalsseter turisthytte ligg 710 meter over havet og er Ålesund-Sunnmøre Turistforenings mest besøkte hytte.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Håper på fleire besøkande

På Reindalsseter turisthytte har familien Dickie Norbakk tatt seg eit pust i bakken. Dei har vore på tur i åtte dagar og har opplevd alt frå snø til sol. Dei meiner likevel at vêret ikkje bør vere ei hindring for å legge ut på tur.

Cato Nordbakk og Livia Dickie saman med barna på Reindalsseter turisthytte

Cato Nordbakk og Livia Dickie seier det er viktig å vere førebudd på all slags vêr når ein skal gå på tur på sommaren.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– I Noreg må ein planlegge for all slags vêr, også på sommaren. Men det er berre å køyre på, vere førebudd på det verste og håpe på det beste, seier Livia Dickie.

DNT-leiar Linda Flem seier at dei ikkje har dei nøyaktige besøkstala før slutten av sesongen, men at dei merkar at det er mindre folk på hyttene deira i år.

– Det har vore folk i fjellet, men vi kunne tenkt oss meir. Det er god plass i hyttene, seier ho.

Styrar ved Reindalseter turisthytta Ole Andreas Mikkelsen Rønningen og Linda Flem, dagleg leiar i DNT Sunnmøre.

Ole Andreas Mikkelsen og Linda Flem håper på fleire besøkande til DNT sine hytter i løpet av sommaren.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK