I eit år har Severin Roald i Utdanningsdirektoratet reist rundt i Sunnhordaland for å hjelpe skular. Han har tru på at prosjektet fører til betre skule for mange barn.
- Dette skal føre til at elevane lærer betre og opplever eit betre læringsmiljø, seier Roald.
Ressursgruppe
I løpet av hausten skal utdanningskontoret i Møre og Romsdal sette ned ei ressursgruppe som skal hjelpe kommunar og skular som har dårlege resultat..
I dag kan alle som vil søke på nettet og lese rangeringar over alle skular i landet. I Møre og Romsdal har ein skule så langt fått tilbod om hjelp og fleire vil få tilbod i løpet av hausten.
Bør seie ja
Roald oppmodar kommunane om å takke ja til tilbodet.
- Skular som får tilbod er i ein priviligert situasjon. Det er jo få kommunar som får tilbod om profesjonell hjelp til å bli betre, seier Roald.