NRK Meny
Normal

Dårlege fylkesvegar kan bli statlege att

Då fylkeskommunane overtok 8000 kilometer med veg frå staten i 2010, var mange av vegane dårlege og fulle av hol. No kan staten måtte ta tilbake vegane og jobben med å ruste dei opp.

Fylkesveg 60 Fet

Fylkesveg 60 som kryssar fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane kan bli ein statleg veg.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Gjennom forvaltningsreforma i 2010 vart drøyt 8000 kilometer veg som tidlegare var klassifisert som riksveg overført til fylkeskommunalt ansvar.

Sidan fylkeskommunen ikkje har hatt pengar til å ruste dei opp, har mange av vegane forblitt holete. Men no har Statens vegvesen fått i oppdrag frå samferdsledepartementet å sjå på kva vegar som kan eigne seg til å bli riksvegar att.

– Vegane bør førast tilbake der dei høyrer heime

Vegpolitisk talsperson for Høyre, stortingsrepresentant Helge Orten, seier partiet ikkje var særleg fornøgde då ein stor del av vegane vart overførte til fylkekommunane i 2010.

Helge Orten

Helge Orten (H) synest det er på tide at staten tek ansvar for vegane att.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Mange av vegane hadde eit veldig stort etterslep. Vi meiner det er fornuftig å vurdere om ein del av dei bør førast tilbake der det høyrer heime, nemleg hos staten.

Han seier at for staten kan det vere interessant å sjå på vegar som oppfyller nokre spesifikke kriterier og peikar blant anna på vegar som har regional betydning og som passerer fylkesgrensene.

– Vegar som kryssar fylkesgrensene er veldig aktuelle, rett og slett fordi fylka kan prioritere ulikt. Ved å flytte ansvaret til staten vil ein kunne få ei meir lik prioritering.

Nasjonal transportplan

Fylkesveg 64 frå Averøya mot Åndalsnes, fylkesveg 60 som kryssar fylkesgrensa frå Stranda og over til Sogn og Fjordane og fylkesveg 65 som går frå Surnadal og nordover til Trøndelag er nokre av dei strekningane i Møre og Romsdal Helge Orten meiner er aktuelle.

I arbeidet med Nasjonal Transportplan som kjem i 2017 vil Statens vegvesen no vurdere kva kriterier som er naturlege å legge til grunn når ein skal bestemme kva vegar som eventuelt blir ført tilbake til staten.