Hopp til innhold

Dårlegast på vaksine

Tilsette ved sjukehusa i Midt-Noreg er dei i landet som i minst grad har vaksinert seg mot influensa. Det kom fram på styremøtet i Helse Midt-Noreg torsdag.

No legg Helse Midt-Noreg ein plan for at fleire skal vaksinere seg. Administrerande direktør, Stig A. Slørdal medgir at sjukehusa i regionen ikkje har lagt godt nok til rette for at dei tilsette skal få ta vaksine.

– Det blir no gjort ein jobb ved alle sjukehusa i regionen, seier Slørdal.

Styremøte Helse Midt
Foto: Eivind Aabakken / NRK