Hopp til innhold

Kom seg ikkje inn med helikopter

Statnett har funne årsaka til at 120 000 sunnmøringar mista straumen i dag tidleg. Dårleg ver gjorde at heilkopter ikkje kjem seg inn i området.

Video STRAUMBROT PÅ SUNNMØRE

Kraftselskapa kunne torsdag ettermiddag slå fast at mykje vind var årsaka til at store deler av Møre og Romsdal miste straumen.

Feilen er lokalisert ei mil utanfor Sunndalsøra, og folk frå Statnett har vore ute i fjellet, men ser ikkje noko brot på hovedkraftlinja.

Dei trur difor uver er grunnen, seier kommunikasjonssjef i Statnett, Irene Melda.

Bruker snøskuter

Irene Meldal

Irene Meldal i Statnett vil ikkje spekulere i kva som er årsaka til brotet.

Foto: Statnett

Statnett sendte torsdag morgon folk med snøskuter inn i fjellet for å finne feilen.

– Nokre prøver å kome seg fram på snøskuter, og vi har rekvirert eit helikopter, men det må vi ha betre flyver for å bruke, seier Meldal til NRK.

Dei veit førebels ingenting om kva som har ført til brotet som førte til at titusener på Sunnmøre og i nordre del av Sogn og Fjordane var utan straum to gongar i morgontimane.

Rasjonering

Beredskapssjefen for kraft i Møre og Romsdal, Svein Rødal, seier til NRK at om feilen blir langvarig kan det i verste fall bli behov for rasjonering: Straumrasjonering kan bli aktuelt

Men han er også klar på at det ikkje er kritisk akkurat no.

– No bruker vi reservenettet, og forhåpentleg skal vi ikkje bruke noko meir vatn enn det vi ellers ville gjort. Dersom det ikkje oppstår fleire feil fram til vi har fått fiksa dette brotet, vil det ikkje gi konsekvensar, seier han.