Hopp til innhold

Dårleg sommarvêr skaper krangling

I store delar av landet er det alt anna er sommarleg vêr for tida. Det kan skape dårleg stemning og krangel for familiar på tur.

Regnver på Sunnmøre

Illustrasjonsfoto: Å pakke med nok klede til dårleg ver, er eit tips frå psykologen for å kome seg meir ut.

Foto: Jannicke Farstad / NRK

Tåka heng langt nedi fjella i Ålesund og nok ein dag regnar det. Leikeplassen i byparken er tom for barn. I dei populære trappene opp til utkikspunktet Aksla trassar enkelte folk vêret. To av dei er ekteparet Heidi og Arve Vange frå Bergen.

– Eg synest vêret er litt deprimerande, for du ser fram til sommar og sol, seier Heidi Vange med hetta tredd godt over hovudet for å ikkje bli våt.

LES OGSÅ:

For store forventningar

Heidi og Arve Vange

Heidi og Arve Vange prøver å ikkje tenkje for mykje på det dårlege vêret.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Og akkurat det med store forventingar til korleis ferien skal bli, gjer at humøret kan bli dårleg når sommaren ikkje innfrir, trur Andreas Høstmælingen. Han er fagsjef i Norsk psykologforeining. Psykologen trur ikkje det dårlege sommarvêret gir langtidsverknader, men det kan vere krevjande for familiar som har ferie.

– Er vêret dårleg, blir ein sittande meir inne og får brakkefeber. Mange går kanskje kvarandre på nervane og blir irriterte, seier Høstmelingen.

Ofte lever familiar på tur også langt trongare enn heime.

– Når folk vert sittande inne på eit lite areal og ikkje finn på noko å gjere, er det lett

Andreas Høstmælingen

Andreas Høstmælingen trur mange har for store forventningar til sommarvêret.

Foto: Psykologforeningen

å starte ein krangel, trur Høstmælingen.

Pakk regntøy

Hans beste tips er å ta høgde for dårleg vêr når ein pakkar til ferietur, slik at barna slepp å sitje inne og sjå den same filmen hundre gongar. Ta med regntøy og støvlar. Det å prata saman om forventingar ein har til ferien, er også lurt.

– Planlegg aktivitetar som passar i dårleg ver. Nordmenn er jo vanlegvis godt kledde for dårleg ver, og vi er vande med det. Det er dei store forventingane vi plutseleg har til sommaren som er øydeleggande, seier Høstmælingen.

Blir irritert

Wenche Kjæmpenes og Oda Belikka Kjæmpenes

Wenche Kjæmpenes og Oda Belikka Kjæmpenes ferierer i Noreg. Dei kjem frå Alta og i dag var dei i Ålesund i regnvêr.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Familien Kjæmpenes frå Alta har noregsferie og let ikkje regnet i Ålesund øydelegge stemninga totalt.

– Eg blir litt irritert på vêret når sola og varmen ikkje kjem. Det er jo det eg har gledd meg til, seier Oda Belikka Kjæmenes.

Klimaforskar Jostein Mamen trur at den usedvanleg varme sommaren i fjor, gjer at folk trur at årets sommar er svært dårleg.

– Dei tørre tala viser at det har vore kjøligare enn normalt, men det har vore kjøligare tidlegare. Ein kan ikkje bu i Noreg utan å ta høgde for dårleg vêr, seier Mamen. Denne veka er det meldt vekslande og ustabilt ver, og altså ingen betring i sommarvêret.