Hopp til innhold

Dårleg vêrvarsel for festivalveka

Tolv grader og noko regn er varselet for Molde i dag, truleg blir også resten av festivalveka grå.

Truleg dårleg vêr i festivalveka

GRÅ FESTIVALVEKE: Slik såg det ut i Ålesund måndag morgon, truleg blir det mykje gråvêr både under The Tall Ships’ Races og Moldejazz denne veka.

Foto: Sondre Lingås Haukedal / NRK

Det er regnbyer og frisk bris på kysten som kjem til å prege starten på sommarens store festivalveke i Møre og Romsdal. Vakthavande Meteorolog ved Meteorologisk institutt, Kjersti Opstad Strand, fortel at opningsdagen av Moldejazz blir heller grå.

– No fram til og med onsdag ser det ut til å bli ein del periodar med regn, men noko meir positivt er det at det ser ut til å bli lite vind. Så då er det berre å kle seg godt for regnet.

Betring torsdag

Onsdag startar seglskutefestivalen The Tall Ships’ Races i Ålesund. Foreløpig ser det ut til at også denne festivalen vil få ei heller grå opning, med regnbyer og temperaturar mellom ti og tolv grader. Moldejazz og The Tall Ships’ Races varer fram til laurdag og Strand fortel at festivalane kan få litt betre vêr frå torsdag.

– Torsdag vil nok også starte ganske vått, men det vil truleg lette frå torsdag ettermiddag og bli fint vêr torsdag kveld og fredag.

– Til helga ser det dessverre ut til å komme inn eit nytt lågtrykk som kan gi sørvest kuling ytst på kysten og ein del regn, men no er det framleis ganske lenge til helga så ein kan håpe at lågtrykket ikkje kjem.

Les også: The Tall Ships Races Ålesund 2015