NRK Meny

Dårleg mobilnett på Runde

I Goksøyra på Runde i Herøy er folk frustrerte over at betre mobilnett og 4G-dekning enno ikkje er på plass. Etter mange års kamp hadde Telenor lova at dette skulle vere i orden før sommarferien. På grunn av usemje mellom Telenor og Mørenett om pris på framlegging av kabel er dette utsett på ubestemt tid. Ordførar Arnulf Goksøyr og campingplassdrivar Knut Asle Goksøyr er ikkje fornøgde.

Knut Asle Goksøyr og Arnulf Goksøyr
Foto: Arne Flatin / NRK