Hopp til innhold

I dette gangfeltet kan du bli køyrd ned - utan at sjåføren blir dømd

Vekkslitne gangfelt skapar vanskar fleire stader. I Ålesund er merkinga så dårleg at sjåføren si vikeplikt truleg ikkje gjeld. Det kan føre til livsfarlege situasjonar.

Kvinne på veg over nedslite fotgjengarfelt i Ålesund

Fleire av gangfelta i Ålesund sentrum er no så vekkslitne at mesteparten av kvitmålinga er borte.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Gangfelt i Ålesund

Også i Kipervikgata i Ålesund er mykje av målinga borte på gangfeltet.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Sjå for deg at du kjem stressande over eit gangfelt, sikker på at bilisten som nærmar seg raskt har vikeplikt, og at han vil stoppe. Problemet er berre at mesteparten av gangfeltet er borte på grunn av slitasje. Då skal du ikkje lenger vere sikker på at vikeplikta gjeld. Og heller ikkje at sjåføren stoppar.

Du kan bli påkøyrd - i eit dårleg merka gangfelt, og oppleve at bilisten slepp å stå til ansvar for brot på vikepliktregelen ved fotgjengarfelt.

– Det vil kunne skje, men det vil jo vere opp til politiet eller domstolen, stadfestar juridisk seniorrådgjevar Harald Gjelsvik i Vegdirektoratet til NRK.

Oppfordrar kommunen til å ta vekk gangfelta

Fleire av gangfelta i Ålesund sentrum er no så vekkslitne, at mesteparten av kvitmålinga er borte. Gjelsvik har sett på nokre av bileta frå Ålesund sentrum, og meiner det ikkje held mål.

– Det er nesten betre at det ikkje er gangfelt. Ein lurer dei gåande til å tru at at dei køyrande overheld vikeplikta. Har ikkje kommunen råd til å vedlikehalde, bør dei heller ikkje lage gangfelt, seier han til NRK.

Målinga nesten heilt borte

Dårleg merka gangfelt i Ålesund

Per Jarle Halse og Madelene Lyng Halse er forsiktige når dei kryssar det dårleg merka gangfeltet.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Per Jarle Halse er på bytur saman med kona og barnebarnet. Han har ikkje tenkt over problemstillinga før, men ser at målinga er nesten heilt borte i gangfeltet dei tre skal over.

– Det er viktig å få på plass kvitmålinga når den er så vekkslitt at folk er i tvil om det er eit gangfelt eller ikkje, seier Halse.

Sjølv tar han aldri sjansen på å gå over, før han er sikker på at bilen stansar.

Kan ikkje love når det blir betre

Ålesund kommune kan ikkje love når gangfelta blir merka på nytt. Det skal ifølgje kommunen ha blitt gjort for eitt år sidan, og planen er å gjere det igjen.

– Vi har ikkje råd til å leige inn folk til å gjere dette, difor må vi gjere det sjølv. Men eg kan ikkje love når det skjer, seier fagleiar Helene Vorren i Ålesund kommune.

Ho seier at kommunen ikkje har skaffa dei materialane som trengs. I følgje henne er det er bestilt, men det har ikkje blitt levert.

– Her burde vi nok følgt betre opp. Dette er ikkje heldig, men det er vanskeleg å prioritere dette veldig mykje høgre enn andre ting vi må gjere, seier Vorren.

Ber fotgjengarane sjå seg godt om

Gjelsvik i Vegdirektoratet seier til NRK at fotgjengarar generelt må vere vakne når dei kryssar ein trafikkert veg.

– Ein må jo ikkje finne på å gå ut i vegen i den tru at bilen viker. Det er ikkje berre å gå ut sjølv om det ligg eit fotgjengarfelt i gata, seier han.