Hopp til innhold

Dårleg marknadsføring av økomat

- Daglegvarekjedane er for passive med å marknadsføre økologiske varer, meiner Oikos.

Økologisk mat
Foto: Nils Fredrik Røren / NRK

Maiken Pollestad Sele

Maiken Pollestad Sele i Oikos

Foto: NRK

Variasjonen mellom butikkane er stor, seier Maiken Pollestad Sele i interesseorganisasjonen Oikos - Økologisk Norge.

Etterspurnaden etter økologiske daglegvarer er aukande, men utgjer framleis ein liten del av den totale omsetninga. Ifølgje Sele må butikkane bli flinkare på marknadsføring.

- Varene må jo marknadførast. Dei må visast godt i butikkane, Ø-merket må visast fram og det må satsast på kunnskap, seier Sele. Både dei som jobbar i butikkane og forbrukarane må få kjennskap til dei positive verknadane av økologisk mat.

- Lågprisbutikkar sviktar økologisk mat

Må konkurrere om økotilskot

- Ødeleggende økodebatt

Vekt på kunnskap

Økologisk mat
Foto: Jarl Fr. Erichsen / SCANPIX

Hypermarknadsjef ved Coop Obs Ålesund, Ronny Valde, seier at dei legg stor vekt på akkurat kunnskap.

- Vi har økologiske varer i vår kundeavis der vi viser kva vi har av økologiske varer innanfor dei forskjellige kategoriane, samt at vi føyer til litt som kan gi kunnskap om kva økologiske varer inneber.

Sjølv om etterspurnaden er svak i høve til andre varer har markandssjefen tru på aukande etterspurnad. Han trur det ligg eit potensiale i økologiske varer og at etterspurnaden vil auke dei neste åra.

Denne veka vart Coop Obs kåra til den beste økobutikken i Ålesund av interesseorganisasjonen Oikos.