Hopp til innhold

Dårleg kommuneøkonomi i Møre og Romsdal

– Me er i botnen, samanlikna med andre fylke. Det er bekymringsfullt, seier Martin Mortensen hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Stranda kommune - Ordfører Tryggestad

Stranda kommune er den mest gjeldstynga kommunen i Noreg.

Foto: Maria Holand Tøsse / NRK

Kvart år lagar Fylkesmannen til ei oversikt over kommuneøkonomien. Målet er å gje eit overblikk over korleis det står til.

– Oversikta kan folkevalte eller innbyggjarane i kommunene bruke. I tillegg er det ei tilbakemelding til Oslo om korleis det ligg an ute i kommune-Noreg, seier Mortensen, som er rådgjevar hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Av kommunane i fylket er det Aukra som kjem best ut, medan Stranda har desidert høgast gjeld i landet.

  • Sjå oversikt over kommunane si lånegjeld og driftsinntekter i tabellen nederst i artikkelen.

Aukra på topp

Bernhard Riksfjord

Bernhard Riksfjord (AP) er ordførar i Aukra, som er ei av dei kommunane som kjem best ut økonomisk.

Foto: SP

– Hovudgrunnen til at me ligg godt an, er eigedomsskatten frå Nyhamna og Ormen Lange, seier Bernhard Riksfjord. Han er ordførar i Aukra for Arbeidarpartiet.

Han er klar over at dei kjem godt ut, og seier til NRK at kommunen i lenger tid har hatt eit høgt driftsnivå. I tillegg har dei høge nok inntekter til at dei kan investere i kommunale bygg.

– Me prøver å vere nøkterne, og halde nivået på investeringar og drift på eit nivå som gjer at me kan sjå oss i spegelen om mange år, seier Riksfjord.

Dårleg snitt

Det er det kanskje ikkje alle som kan. For medan Aukra er i landstoppen, ligg åtte kommunar i Møre og Romsdal på Robek-lista (Les meir om Robek til høgre i artikkelen).

– Det er om lag det dobbelte av landsgjennomsnittet, seier Mortensen ved Fylkesmannen.

Han peiker på at kommunane ikkje har vore flinke nok til å omstille tenestene sine når det trengst.

- Me bruker for mykje pengar, så enkelt er det. Me greier ikkje å omstille tenesteproduksjonen godt nok når rekneskapen byrjar vise underskot.

På gjeldstoppen ligg Stranda kommune, som har ei gjeld som er nær det firedoble av landsnittet, fortel Mortensen.

Ikkje heilsvart

Dei kommunane som i dag har økonomiske vanskar, vil også i åra som kjem, trur Mortensen.

– Mange kommunar vil få utfordringar når renta går opp, trur han.

I tillegg er det sagt at kommunar må stramme inn for å unngå påverknad frå den internasjonale finansuroen. Likevel er det ikkje heilsvart i kommunane.

– Me må håpe på at dei kan finne løysingar som gjer at dei kan halde kvaliteten oppe, og halde seg innanfor dei økonomiske rammene, seier han.

Kommuneøkonomi Møre og Romsdal

Netto driftsresultat i % av brutto driftsinntekter

 

Kommune

2012

1547 Aukra

23.80%

 

1526 Stordal

7.80%

 

1535 Vestnes

6.20%

 

1571 Halsa

6.20%

 

1531 Sula

5.50%

 

1576 Aure

4.40%

 

1563 Sunndal

4.10%

 

1566 Surnadal

3.60%

 

1514 Sande

3.40%

 

1534 Haram

3.30%

 

1567 Rindal

3.20%

 

1532 Giske

3.10%

 

1515 Herøy

2.90%

 

Noreg utan Oslo

2.90%

 

1511 Vanylven

2.80%

 

1545 Midsund

2.60%

 

1523 Ørskog

2.50%

 

1516 Ulstein

2.40%

 

1524 Norddal

2.20%

 

Møre og Romsdal

2.10%

 

1557 Gjemnes

1.80%

 

1551 Eide

1.70%

 

1504 Ålesund

1.40%

 

1573 Smøla

1.40%

 

1517 Hareid

1.30%

 

1525 Stranda

1.30%

 

1529 Skodje

1.30%

 

1520 Ørsta

1.20%

 

1554 Averøy

1.10%

 

1502 Molde

0.80%

 

1539 Rauma

0.50%

 

1528 Sykkylven

0.30%

 

1548 Fræna

0.10%

 

1560 Tingvoll

0.10%

 

1546 Sandøy

-0.80%

 

Netto lånegjeld i % av brutto driftsinntekter

 

Kommune

2012

1525 Stranda

265.90%

1516 Ulstein

148.10%

1554 Averøy

124.40%

1532 Giske

121.30%

1502 Molde

117.20%

1524 Norddal

112.70%

1534 Haram

112.00%

1551 Eide

105.20%

1560 Tingvoll

103.80%

1519 Volda

100.50%

1517 Hareid

95.90%

1531 Sula

94.20%

Møre og Romsdal

92.30%

1528 Sykkylven

91.90%

1529 Skodje

91.40%

1504 Ålesund

88.90%

1548 Fræna

87.40%

1520 Ørsta

85.80%

1571 Halsa

81.80%

1515 Herøy

81.60%

1543 Nesset

81.30%

1526 Stordal

77.70%

1545 Midsund

76.70%

1514 Sande

76.20%

1557 Gjemnes

73.60%

Noreg utan Oslo

73.20%

1573 Smøla

72.90%

1505 Kristiansund

71.40%

1546 Sandøy

69.30%

1535 Vestnes

67.90%

1547 Aukra

66.60%

1566 Surnadal

66.20%

1523 Ørskog

65.40%

1511 Vanylven

61.20%

1576 Aure

60.10%

Ekspander/minimer faktaboks