Hopp til innhold

- Det dårlegaste året vi har hatt nokon gong

- Eg kan ikkje hugse at det har vore noko som har likna på ein slik sesong som dette, seier Endre Krohn, dagleg leiar i Krohn Gatneri.

Jordbær

Det har ikkje vore like mange raude bær å sjå i åkrane som jordbærdyrkarane kunne tenke seg.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Jordbæra har mildt sagt latt vente på seg i år. Det dårlege sommarveret har ført til ein dårleg jordbærsesong for samtlege av jordbærdyrkarane i fylket.

- Dårlegaste nokon gong

Små jordbær

Endre Krohn dagleg leiar i Krohn Gratneri.

Foto: Hans Thomas Eikrem / NRK

Verst ser det ut til å vere for dei nordlegaste jordbærdyrkarane i fylket. For Skåla Bær er det same situasjon som for Krohn Gartneri. Beskjeden frå Andeas Torhus er klar.

- Nei, det er nok det dårlegaste året vi har hatt nokon gong.

Og konsesvensane er openbare.

- Det vert mindre bær som er så god kvalitet på at dei kan leverast, fortel Endre Krohn.

Nøgd, men ikkje topp

Situasjonen har vore betre for jordbærdyrkarane i Valldal, sjølv om den ikkje har vore slik som ønska.

Harald Valle

Harald Valle som er dagleg leiar i Valldal Grønt synest ikkje det har vore ein topp sesong, men er likevel nøgd.

Foto: Åge André Breivik / NRK

- Vi har hatt veldig mykje bra kvalitet på den bæra vi har fått til, og vi har òg auka konsumandelen vår frå i fjor, fortel Harald Valle som er dagleg leiar i Valldal Grønt.

I eit normalår haustar dei mellom 750 og 800 tonn jordbær. I har det blitt rundt 500 tonn.

- Det er 100 tonn meir enn kva vi fekk i fjor, men då var det eit veldig dårleg år for oss. Vi hadde eit håp om å krype opp mot 600 tonn i år, men det skjedde ikkje, seier Valle.