Hopp til innhold

Jordbærsvikt for valldalsbøndene

– Det er 50 år sidan sist det var så lite jordbærplantar att etter ein vinter i Valldal, seier styreleiar Jan Ole Fuglem i Valldal Grønt.

Håkon Myklebust

Håkon Myklebust har aldri opplevd ein verre jordbærsesong.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

Ein sommar som i år gir store utfordringar i jordbærbygda. Både bøndene og firmaet Valldal Grønt, som baserer seg på avlingane, er råka, skriv Sunnmørsposten.

– Avlingane kjem til å ende på om lag 30 prosent av fjorårets produksjon, seier styreleiar Jan Ole Fuglem i Valldal Grønt.

Han fortel at det er den harde frosten i vinter som gjer at avlingane i år er så mykje lågare enn vanleg.

– Det er lokalklimatiske forhold som gjer dette. Det er små skilnader på om felt er totalt skadde, eller om dei gir litt bær, seier han.

Jan Ole Fuglem

Jan Ole Fuglem trur det blir lenge til neste gang det kjem ein like dårleg vinter.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

– Kan ikkje hugse ein slik vinter

På Monsgarden driv Håkon Myklebust om lag 90 mål med jordbæråkrar. Oppvaksen med jordbær tok han over for faren i 2007. Ein slik vinter som i år har han ikkje høyrt om.

– Før dreiv me med andre ting også, så det var ikkje så krise om det gjekk dårleg med jordbæra, seier han.

I år har han måtte planta opp att tre gongar meir enn det som han vanlegvis gjer på eit år. Åkrane er prega av plantar som ikkje veks til.

– Det såg veldig ille ut i vinter. Det var veldig lite snø, men når den smelta vart den til is. Så kom ein varmeperiode, og all is og snø forsvann, fortel Myklebust.

Då kom håpet, kanskje kunne det gå bra. Men øydeleggingane i jordbæråkrane var tydelege, og plantane vakna ikkje til liv.

Håper på betre vinter

– Frosten i vinter gjer at plantane er skadde. Det er veldig små marginar for om felt er heilt øydelagde eller berre delvis, fortel Fuglem.

For Valldal Grønt betyr dette at dei må gjere seg klar for eit mykje mindre mottak av bær i 2013 enn det som har vore vanleg dei førre åra.

– Me trur ikkje på ein slik vinter til. Realistisk sett skal det veldig mykje til at me får ein slik vinter til. Det blir i alle fall tøft, seier Fuglem.

Det er veldig alvorleg for firmaet om det skulle gå gale ein sesong til. Sjølv er han ikkje blant dei som er hardast råka i Valldal. Der er Håkon Myklebust verre ute.

Saka held fram under bildet.

Valldal Grønt

Valldal Grønt har mykje arbeid å gjere framover.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

Mister inntekter, og må investere

– Me er ikkje vande til slik berrfrost. Det var berre 10–15 minus, men når det varer i to månader, utan snø, så skjer dette.

No har han ein unntakssesong, der mykje arbeid går med til å rette opp skadane etter frosten. Plantar må rivast vekk, vatningsanlegg må fjernast. Så skal det plantast nytt, og vatningsanlegga skal på plass att.

Ein vanleg sesong plantar han om lag 15 mål jordbær på nytt. I år har han planta nær 40.

– Det er mykje arbeid, og lite inntekt, fortel jordbærbonden.

Midt i juli håper han på å få byrje med plukking. Det blir truleg ei eller to veker seinare sesongstart enn tidlegare, men likevel er motivasjonen der framleis.

– Me kan ikkje miste motet av eitt dårleg år. Sommaren har ikkje byrja endå, så det kan endå bli bra, seier han.

Det er ikkje heilt slik vi er vande med å se åkrane.

Det er ikkje slik åkrane har for vane å sjå ut. I år kjem det ikkje like mange arbeidarar.

Foto: Åge Andre Breivik / NRK

Må ha færre plukkarar

I Valldal Grønt vil dei no gå til innkjøp av jordbær frå andre stader i landet. Det håper dei skal vere eit langsiktig samarbeid, som også skal sikre eit høgare inntak når det blir betre sesongar seinare.

Valldal har vanlegvis mange sesongarbeidarar. Også desse vil merke nedgangen i jordbærproduksjon i sommar. Berre ein tredel av det talet på plukkarar som var i bygda i 2012 er venta tilbake i år.

Og det er vanskeleg å unngå desse nedgangane.

– Me gjer tiltak, men me kan aldri sikre oss heilt mot frosten, seier Jan Ole Fuglem.

På Monsgarden har dei lagt duk over plantane gjennom vinteren. I tillegg dekkjer dei til med halm, for å sikre plantane best mogleg. Dette blir det endå meir av til vinteren, forsikrar Håkon Myklebust.

Dei som har drive lengst seier det er 50 år sidan sist det var så gale. Myklebust håper det vil ta lang tid før neste gong.

– Eg håper det blir 50 år til neste gong. Då er eg pensjonist, ler Håkon Myklebust.