NRK Meny
Normal

Danske Bank legg ned avdelingane i Kristiansund og Molde

Danske bank omorganiserer fem lokalkontor i Møre og Romsdal og i Trøndelag. Bakgrunnen skal vere endra banktrendar blant kundane og ein stadig meir digitalisert kundedialog.

MARKETS-EUROPE-STOCKS/ Danske bank logo is seen on a branch office in Riga

Danske Bank legg ned og omorganiserer fleire av sine kontor i Møre og Romsdal og Trøndelag.

Foto: INTS KALNINS / Reuters

Danske Bank stenger kontora i Kristiansund og Molde, og flytter både tilsette og kundar frå kontoret i Orkanger til Trondheim. Personkundar, landbrukskundar og fleirtalet av de tilsette ved kontora i Namsos og Steinkjer seljast til Grong Sparebank. Andre bedriftskundar i Nord-Trøndelag vil bli betjent frå Namsos, Levanger og Stjørdal.

– Vi ser at mange av kundane våre no gjer banktenestene sine i andre kanalar enn fysiske kontor. Vi ser at det er stadig fleire som tek kontakt via telefon eller på nettmøte. Dette gjeld òg for komplekse spørsmål, som for eksempel å ta opp bustadlån eller diskutere pensjonsparing, seier Stian Arnesen, marknads- og kommunikasjonsdirektør i Danske Bank Norge.

– Når kundane som ein trend endrar åtferd, må også vi ta grep for å tilpasse oss dei nye banktrendane, held han fram.

Sju mister jobben

Stian Arnesen, Danske Bank

Stian Arnesen, marknads- og kommunikasjonsdirektør i Danske Bank Norge.

Foto: Danske Bank

Dermed mister fire tilsette i Kristiansund og tre tilsette i Molde jobben. De to avdelingane i stenger 24. juni. Dei tilsette har fått tilbod om sluttpakker.

– Vi har vore opptatt av å finne gode løysingar for dei tilsette, men dessverre kan vi ikkje tilby alle jobb vidare, seier Arnesen.

Banken beheld kontoret i Kongens Gate i Ålesund. Omorganiseringa betyr at dei også få to ekstra tilsette.

– Vi har ingen ytterlegare planar om nedlegging og samanslåing på dette tidspunktet, seier Arnesen.