Hopp til innhold

Russen dansa seg gjennom gatene

Trass mykje fokus på dei forsvunne pingvinungane i russetida, så dansa Ålesundsrussen med stor iver i 17. mai-toget. – Toget i dag var langt over forventningane, seier russepresident.

Dansande russ

Sjå video frå russetoget i Ålesund.

Lars Standal Sørnes

Russepresident Lars Standal Sørnes seier det var blanda stemning rundt russetoget.

Foto: Frode Berg / NRK

– Det var bra stemning, mykje liv, musikk og dans, seier Lars Standal Sørnes som er russepresident på Fagerlia vidaregåande skole.

– Det var jubel frå dei som stod og såg på, legg han til.

LES OGSÅ: Her bryter russen seg inn til pingvinene

LES OGSÅ: Russen beklagar pingvin-tjuveri

Har prega russeferinga

Dans og jubel i russetoget

Det var jubel, masker og fjør i årets russetog. Alle var med og dansa.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Etter at tre pingvinungar og eit pingvinegg forsvann frå Atlanterhavsparken i Ålesund vart russetida til Ålesundsrussen noko annleis enn venta. Fleire russ var inne til avhøyr, og fire vart sikta for å ha sett dyr i ein hjelpelaus tilstand.

– Dei siste dagane har kanskje prega oss mest. Me har vore usikre med tanke på toget, då det har vore ytringar om at me burde droppe toget og passe oss, seier Standal Sørnes.

– Det har vore ein brems for oss, og ein del har vore litt redde og nervøse for å gå i toget. Stemninga på sjølve feiringa har også gått litt ned, og det har ikkje vore like mykje festing, seier han.

LES OGSÅ: Mener russen er blitt urettferdig behandlet

LES OGSÅ: Sjekkar overvakingsvideo for seks døgn

Prøvde å halde stemninga oppe

Sykkelruss i Ålesund

Nynorsk sykkelruss var sjølvsagt syklande i toget.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Russepresident Standal Sørnes seier det var ein del russ som valde å ikkje gå i russetoget, og han opplevde også at det var variert respons frå tilskodarane.

– For det meste var det positiv respons, med applaus og jubel. Det var nokon stader det var litt rolegare, men elles var det veldig bra, seier russepresidenten.

– Korleis merka de at det var litt negativt somme stader?

– Når me gjekk forbi og prøvde å halde stemninga oppe, så stod folk på sida heilt stille og såg ikkje så mykje på russen, seier Standal Sørnes.

Russepresident Standal Sørnes lovar å følgje saka med dei forsvunne pingvinungane vidare, og seier dei vil halde fram samarbeidet med politiet.

LES OGSÅ: Her er mamma sjåfør på russebilen

LES OGSÅ: Russefeiring gjennom 112 år

Sjå bilete:

Dans og jubel i russetoget
Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Sjå video:

Intervju med russepresident på Fagerlia videregåande skole, Lars Standal Sørnes.

Sjå intervjuet med russepresident Lars Standal Sørnes den 16. mai.