NRK Meny
Normal

Sang, dans og brownies for Latvia

Elevane ved Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik, SUFH, har allereie samla inn fleire tusen kroner til trengande i Latvia. Denne veka arrangerer dei kafe med dans og song som underhaldning for å samle inn endå meir.

SUFH-elevar arrangerer blant anna kafe for å samle inn pengar til trengande i Latvia.

1.april reiser elevane ved skulen til Baltikum for å gi frå seg det dei har samla inn. Det er snakk om mykje pengar og ikkje minst utstyr. Sko, sengeklede og handdukar står høgt på lista. Ein barne og ungdomsheim skal dra nytte av det elevane tek med seg.

Elevane ved linja for butrening og aktivitet, BOA, har denne veka ansvaret for å arrangere ein kafe fredag kveld. Inntektene frå kafeen går rett til innsamlingsaksjonen. Då NRK besøkte skulen var elevane i full sving på kjøkenet med å lage brownies og muffins. Thomas Hærem Erskine har ansvaret for å lage brownies som skal gi inntekter til Latvia-prosjektet. Han gler seg til turen!

Thomas og Arnvid på SUFH

Thomas Hærem Erskine og Arnvid Hjelvik er elevar ved BOA-linja.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ei gruppe hadde ansvar for dette, medan ei anna fekk ordna prislista og nokre av dei andre elevane øvde på underhaldningsinnslag som skal framførast nettopp på kafeen. Arnvind Hjelvik brukar sin eigen lap top når han komponerer prislista. Han var med på turen også for eitt år sidan, og ser fram til ny tur.

Viktig tur

Lærar Ingfrid Grimstad seier turen til Latvia er viktig for heile skulen og ikkje minst for elevane på BOA-linja. Dei vert meir samansveiste samtidig som dei får sjå at det er menneske som har det langt verre enn hos her heime i Noreg.

Ingfrid Grimstad

Ingfrid Grimstad, lærar på SUFH.

Foto: Arne Flatin / NRK

Arbeidet med å skaffe pengar foregår over lang tid, og denne veka er det innspurt før avreise 1.april.

SUFH har lange tradisjonar med hjelpesendingar til Latvia, og har drive med dette heilt sidan 90-talet i samarbeid med Baltikumhjelpa. Dei besøker ein barne- og ungdomsheim for vanskelegstilte i Rudbarzu i tillegg til aldersheimar og heimar for psykisk utviklingshindra.

Merete Klungvik Olsen og Silje Olsen

Merete Klungvik Olsen og Silje Olsen skal synge under kafeen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Silje Olsen og Merete Klungvik Olsen får hjelp av lærar Ingfrid på pianoet når dei skal øve inn ein song som dei skal framføre.

Heile gruppa skal vise fram sjølvkomponerte dansar, noko enkelte grudde seg litt til, medan andre såg fram til det.